Stad: Viksdalen skule 

Dette er ei kurshelg kor vi har samla fleire ulike arrangement på ein stad. Vi kallar det Superhelg!   

Superhelg med styrevervkurs – medlemmar  

På Viksdalen finn du kurshelga for alle som sit i styret i 4H-klubben. Deltakarane får opplæring i det å ha eit styreverv, trivselsagent eller å vere friluftshelt. I tillegg får ein nye vener for livet! Årsmøtet er ein del av styrekursopplæringa og slik blir deltakarane godt kjend med den viktigaste demokratiarenaen i organisasjonen.  

Årsmøte - alle  

Søndagen inviterer vi alle deltakarane på Superhelg med på Årsmøte i 4H Sogn og Fjordane. Årsmøtet blir halde på Viksdalen skule.

Skal du berre melde deg på årsmøtet? Meld deg på her: Årsmøte i 4H Sogn og Fjordane 

Inspirasjonssamling – vaksne  

Finn stad på Flatheim 4H-gard. Vi lovar mange interessante foredrag, litt kreativitet og mykje moro! Vi håpar så mange som mogleg av klubbrådgjevarane våre har høve til å vere med.   

Skal du delta på inspirasjonssamling? Meld deg på her: Inspirasjonssamling for klubbrådgjevarar

 

Du vel berre eitt av kursa i påmeldinga til Superhelga
om kursetPoeng
Leiar og nestleiarPå kurset vil ein få ei innføring og praktisk trening på kasserars oppgåver i klubben, korleis sette opp eit budsjett, føring av rekneskap på papir og elektronisk og avslutning av rekneskapen før årsmøtet i klubben. 40
SekretærSekretærkurset set fokus på sekretæren sine oppgåver gjennom 4H året. På kurset får du innføring i korleis føre møtereferat og protokoll, kva som er sekretærens særskilte oppgåver og sekretæren i samspel med resten av klubbstyret. 40
KasserarPå kurset vil ein få ei innføring og praktisk trening på kasserars oppgåver i klubben, korleis sette opp eit budsjett, føring av rekneskap på papir og elektronisk og avslutning av rekneskapen før årsmøtet i klubben. 40
FriluftsheltEr du glad i friluftsliv og ønsker å være ein ressursperson for klubben din ved gjennomføring av friluftslivsaktivitetar? Friluftshelt-kurset gjev deg ein enkel innføring i friluftsliv. Tema som vert gjennomgått er allemannsretten, sporlaus ferdsel, kart og kompass, etablering av rasteplass, båltenning og mat på bål 40
Ny i styretFor deg som er heilt ny inn i styret eller som har lyst til å få eit verv i klubben din til neste år. 40
TrivselskursTrivselskurset er eit kurs for deg som likar å sette i gong leik og skape trivsel i eigen klubb. Dette er eit kurs for deg som er 14år i år eller eldre. Kurset vil innehalde ein del om 4H som organisasjon og ein del om korleis organisere leik og aktivitet i klubben40
"utan kurs"som vaksenleiar skal du ikkje gå på kurs, og vel derfor dette alternativet0

 

Når du melder deg på er det fint du legg inn 4H-klubben din som "annen betaler"

Påmelding

Kursinstruktørar melder seg på kursa dei sjølve skal halde, som arrangør.

Alle kursa får årsmøteopplæring.  

 

Program 

Obs! Det kan kome små endringar i programmet. 

Fredag 7. februar
17:00Registrering av deltakarar på skulen
18:00Opning
18:15Middag for Superhelg og Inspirasjonssamling
20:30Bli kjent
22:00Fellesleik, kos og hygge
23:00Ro for natta

 

Laurdag 8. februar
07:30Vekking
08:00Frukost
09:00Kursstart - Årsmøteopplæring for alle
10:00Pause
10:15Kursstart alle kurs
12:30Lunsj
13:30Kursa held fram
16:15Nons
16:45Kursra held fram
18:45Avslutning av kursa
19:00Samling i gruppene
20:00Middag på skulen
21:15Underhaldning
22:00Fritid
24:00Ro for natta

 

Sundag 9. februar
07:00Vekking, pakking og rydding av skulen
08:00Frukost, heimreise/årsmøte
Årsmøte på skulen
09:15Registrering
10:00Opning av årsmøte
12:00Lunsj
13:00Årsmøte held fram
15:00Årsmøte vert heva - Takk for ei fin helg

 

Praktisk informasjon  

Du som har eit verv i klubben din kan delta. I tillegg kan du som har lyst til å bli friluftshelt eller Trivselsagent i eigen klubb bli med. Det er vanleg at klubben betaler deltakaravgift. 

Vi søv på sovesal i klasserom og får mat i spisesalen. Ta med sovepose og liggenderlag. 

Hugs å melde frå  om allergiar eller andre behov for tilrettelegging. 

Transport til og frå Superhelga må de ordne med sjølve. Ta kontakt med naboklubben om samkøyring.

Påmelding for deltakarar  

Styrevervkurset kostar kr 1000,-

Vi sender faktura til klubben din etter arrangementet.  

Dersom du melder deg på Superhelga er du automatisk påmeldt årsmøte.

Påmeldingsfristen er 19. januar  

Avmelding   

Påmeldinga er personleg og bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av kurset etter avmeldingsfristen, vil klubben din verte fakturert for deltaking likevel. Dersom du blir sjuk må du få dekka deltakaravgifta via eiga forsikring. Det er ikkje mogleg å gje plassen sin til nokon andre dersom ein ikkje kan møte sjølv.    

Dersom du har blitt sjuk eller av andre grunnar må melde deg av, sender du ei melding om dette til sfj@4h.no eller ringer kontaktperson for arrangementet Inger Margrete Sørland på telefon: 901 69 339  

Her finn du rettleiing for innlogging i medlemsregistret   

Dersom du ikkje har medlemsnummer i 4H, skriv ein epost til sfj@4h.no eller ring oss. 4H-kontoret hjelper deg med påmeldinga.     

Påmelding for vaksenleiarar, alumnar og arrangørar  

4H klubbane har ansvar for å sende 1 vaksenleiar pr 15 deltakar. Dette er ein flott moglegheit til å bli kjent med 4H-arar, fleire vaksne og frivillige i 4H.  

Som vaksenleiar har du ansvar for medlemane frå din klubb. Dersom du som skal vere vaksenleiar vil delta på Inspirasjonssamlinga, lager du ein avtale med 4H-kontoret rundt overnatting.  

Dersom du ikkje har medlemsnummer i 4H, skriv ein epost til sfj@4h.no eller ring oss. 4H-kontoret hjelper deg med påmeldinga.