- Pris: Kr 1000,-
- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane, Framsyn 4H og Flink 4H
- Viksdalen, Sunnfjord
- (heldags)
Kurs
Er du klar for Superhelg på Viksdalen?
Stad: Viksdalen skule
- Program
- Praktisk informasjon
- Påmelding for deltakarar
- Påmelding for vaksenleiarar, alumnar og arrangørar
- Pakkeliste (PDF, 3MB)
- Reglar for styrevervkurset (PDF, 204KB)
Dette er ei kurshelg kor vi har samla fleire ulike arrangement på ein stad. Vi kallar det Superhelg!
Superhelg med styrevervkurs – medlemmar
På Viksdalen finn du kurshelga for alle som sit i styret i 4H-klubben. Deltakarane får opplæring i det å ha eit styreverv, trivselsagent eller å vere friluftshelt. I tillegg får ein nye vener for livet! Årsmøtet er ein del av styrekursopplæringa og slik blir deltakarane godt kjend med den viktigaste demokratiarenaen i organisasjonen.
Årsmøte - alle
Søndagen inviterer vi alle deltakarane på Superhelg med på Årsmøte i 4H Sogn og Fjordane. Årsmøtet blir halde på Viksdalen skule.
Skal du berre melde deg på årsmøtet? Meld deg på her: Årsmøte i 4H Sogn og Fjordane
Inspirasjonssamling – vaksne
Finn stad på Flatheim 4H-gard. Vi lovar mange interessante foredrag, litt kreativitet og mykje moro! Vi håpar så mange som mogleg av klubbrådgjevarane våre har høve til å vere med.
Skal du delta på inspirasjonssamling? Meld deg på her: Inspirasjonssamling for klubbrådgjevarar
om kurset | Poeng | |
---|---|---|
Leiar og nestleiar | På kurset vil ein få ei innføring og praktisk trening på kasserars oppgåver i klubben, korleis sette opp eit budsjett, føring av rekneskap på papir og elektronisk og avslutning av rekneskapen før årsmøtet i klubben. | 40 |
Sekretær | Sekretærkurset set fokus på sekretæren sine oppgåver gjennom 4H året. På kurset får du innføring i korleis føre møtereferat og protokoll, kva som er sekretærens særskilte oppgåver og sekretæren i samspel med resten av klubbstyret. | 40 |
Kasserar | På kurset vil ein få ei innføring og praktisk trening på kasserars oppgåver i klubben, korleis sette opp eit budsjett, føring av rekneskap på papir og elektronisk og avslutning av rekneskapen før årsmøtet i klubben. | 40 |
Friluftshelt | Er du glad i friluftsliv og ønsker å være ein ressursperson for klubben din ved gjennomføring av friluftslivsaktivitetar? Friluftshelt-kurset gjev deg ein enkel innføring i friluftsliv. Tema som vert gjennomgått er allemannsretten, sporlaus ferdsel, kart og kompass, etablering av rasteplass, båltenning og mat på bål | 40 |
Ny i styret | For deg som er heilt ny inn i styret eller som har lyst til å få eit verv i klubben din til neste år. | 40 |
Trivselskurs | Trivselskurset er eit kurs for deg som likar å sette i gong leik og skape trivsel i eigen klubb. Dette er eit kurs for deg som er 14år i år eller eldre. Kurset vil innehalde ein del om 4H som organisasjon og ein del om korleis organisere leik og aktivitet i klubben | 40 |
"utan kurs" | som vaksenleiar skal du ikkje gå på kurs, og vel derfor dette alternativet | 0 |
Når du melder deg på er det fint du legg inn 4H-klubben din som "annen betaler"
Kursinstruktørar melder seg på kursa dei sjølve skal halde, som arrangør.
Alle kursa får årsmøteopplæring.
Program
Obs! Det kan kome små endringar i programmet.
17:00 | Registrering av deltakarar på skulen |
---|---|
18:00 | Opning |
18:15 | Middag for Superhelg og Inspirasjonssamling |
20:30 | Bli kjent |
22:00 | Fellesleik, kos og hygge |
23:00 | Ro for natta |
07:30 | Vekking |
---|---|
08:00 | Frukost |
09:00 | Kursstart - Årsmøteopplæring for alle |
10:00 | Pause |
10:15 | Kursstart alle kurs |
12:30 | Lunsj |
13:30 | Kursa held fram |
16:15 | Nons |
16:45 | Kursra held fram |
18:45 | Avslutning av kursa |
19:00 | Samling i gruppene |
20:00 | Middag på skulen |
21:15 | Underhaldning |
22:00 | Fritid |
24:00 | Ro for natta |
07:00 | Vekking, pakking og rydding av skulen |
---|---|
08:00 | Frukost, heimreise/årsmøte |
09:15 | Registrering |
---|---|
10:00 | Opning av årsmøte |
12:00 | Lunsj |
13:00 | Årsmøte held fram |
15:00 | Årsmøte vert heva - Takk for ei fin helg |
Praktisk informasjon
Du som har eit verv i klubben din kan delta. I tillegg kan du som har lyst til å bli friluftshelt eller Trivselsagent i eigen klubb bli med. Det er vanleg at klubben betaler deltakaravgift.
Vi søv på sovesal i klasserom og får mat i spisesalen. Ta med sovepose og liggenderlag.
Hugs å melde frå om allergiar eller andre behov for tilrettelegging.
Transport til og frå Superhelga må de ordne med sjølve. Ta kontakt med naboklubben om samkøyring.
Påmelding for deltakarar
Styrevervkurset kostar kr 1000,-
Vi sender faktura til klubben din etter arrangementet.
Dersom du melder deg på Superhelga er du automatisk påmeldt årsmøte.
Påmeldingsfristen er 19. januar
Avmelding
Påmeldinga er personleg og bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av kurset etter avmeldingsfristen, vil klubben din verte fakturert for deltaking likevel. Dersom du blir sjuk må du få dekka deltakaravgifta via eiga forsikring. Det er ikkje mogleg å gje plassen sin til nokon andre dersom ein ikkje kan møte sjølv.
Dersom du har blitt sjuk eller av andre grunnar må melde deg av, sender du ei melding om dette til sfj@4h.no eller ringer kontaktperson for arrangementet Inger Margrete Sørland på telefon: 901 69 339
Her finn du rettleiing for innlogging i medlemsregistret
Dersom du ikkje har medlemsnummer i 4H, skriv ein epost til sfj@4h.no eller ring oss. 4H-kontoret hjelper deg med påmeldinga.
Påmelding for vaksenleiarar, alumnar og arrangørar
4H klubbane har ansvar for å sende 1 vaksenleiar pr 15 deltakar. Dette er ein flott moglegheit til å bli kjent med 4H-arar, fleire vaksne og frivillige i 4H.
Som vaksenleiar har du ansvar for medlemane frå din klubb. Dersom du som skal vere vaksenleiar vil delta på Inspirasjonssamlinga, lager du ein avtale med 4H-kontoret rundt overnatting.
Dersom du ikkje har medlemsnummer i 4H, skriv ein epost til sfj@4h.no eller ring oss. 4H-kontoret hjelper deg med påmeldinga.