Sommarfesten vert ein kombinasjon av kjekke aktivitetar og sosialt samvær på tvers av klubbane. Me samlar oss på Norane Ungdomshus, Norneshaugane 2, frå 12.00 til ca. 16.00. Dei første tre timane er satt av til å vere på aktivitetar og her kan ein velje mellom 3 kategoriar, med 3 ulike aktivitetar inkludert i kategorien. Til slutt et me eit godt måltid saman og har det kjekt saman før me takkar for oss og vender snuten heimover.

 

STAD: NORANE UNGDOMSHUS, Norneshaugane 2, 6859 Slinde i Sogndal

DAG: LAURDAG 15. AUGUST

TIDSROM: 12:00 - 16:00

 

Denne sommarfesten har fått god sponsorstøtte frå 4H Sogn og Fjordane sine landbruksmidlar og vil derfor vere både GRATIS og me vil gjennom aktivitetane ha litt fokus på landbruket og tradisjonar.

 

Kategoriane du kan velje mellom er: 

 

  • kjøkkenet vil vi ha fokus på gode råvarer og tradisjonshandverk, med ein moderne vri sjølvsagt! Her kan du få vere med på å kinne smør, bake brød, kokkelere fram ei god gryte og lage dessert med epler

 

  • I naturen er moglegheitene mange, og med dei organiserte aktivitetane kan du få spikke dine heilt eigne figurar eller skeier, forme landart, eller kanskje ein liten 4H-gard i naturmateriell, til den store gullmedalje og lage eit insektshotell klar til innsjekking

 

  • I det kreative hjørnet har me fokus på gjenbruk og det vil derfor vere mogleg å bruke symaskin til å lage ei veske - med stoff du har med sjølv. Det er òg mogleg å lage seg armband med den spesielle Kumihimo-metoden og string art for den som likar å bruke hammaren for å vere kreativ også!

 

Er det spørsmål så gjerne ta kontakt med Ingvill Nornes tlf: 90271552

 

Me gler oss til å samle oss i sommar - dette blir kjekt!

 

PS! Vi har brukt aktivitetar frå oppdragsbanken, så du kan bruke dei i prosjektet ditt for å samle poeng ved å vere med på sommarfesten!

Link til nokre av aktivitetane:

 

 

Helsing Erla 4H