- Pris: Kr 400,-
- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane og Fjordljos 4H
- Vetlefjorden, Sogn
- (heldags)

Er du aspirant og ikkje gamal nok til å vere med på fylkesleiren, kan du vere med på aspirantleir!
Aspirantleiren skal vere i Vetlefjorden i Sogn i løpet av dei 2 siste dagane av fylkesleiren.
Måndag til tysdag kan du som er mellom 10 og 12 år kome på aspirantleir. Den startar klokka 12:00 og varar til heile leiren er ferdig på tysdag. Du bur i telt eller lavvo og får sjå korleis det er å vera på leir. Du er med på ein eigen aspirantaktivitet og får oppleva open dag. Det må vera med ein leiar per 10 aspirantar.
Du kan delta på aspirantleir dersom du er mellom 10 og 12 år.
Det er viktig at du i påmeldinga gir beskjed om eventuelle allergiar eller noko anna du vil trenge under leiren.
Det kostar 400 kr per deltakar å delta på aspirantleiren.
Påmeldinga er bindande. Det vil seie at dersom ein ikkje kan kome på leir etter at ein har meldt seg på må ein fortsatt betale. Unntaket er om ein vert sjuk og ein kan vise fram attest frå lege. Dersom ein ikkje kan kome på leir eller vert sjuk må ein gi beskjed til 4H-kontoret eller arrangørkomitèen. Send mail til sfj@4H.no
4H klubbane har ansvar for å sende minst 1 vaksenleiar per 10 deltakar frå sin klubb. Dersom naboklubbar ynskjer det kan dei samarbeide om vaksenleiarar. Som vaksenleiar har du ansvar for medlemane frå din klubb. Dette er ein flott moglegheit til å bli kjent med fleire vaksne og frivillege i 4H.
Som vaksenleiar betalar du 200 kr for å vere med på leiren.
Har du ikkje medlemsnummer? Då kan du melde deg på via mail til sfj@4H.no
Har du noko spørsmål ta kontakt med oss då vel!
4H Sogn og Fjordane kontor: Amalie - 960 96 782
Arrangørkomitè Fjordljos 4H: Mariann - 971 82 132
Fylkesstyret:
Deltakarstøtte
I 4H ønsker vi at så mange som mogleg skal kunne delta på 4H sine aktiviteter og at økonomi ikkje skal vere eit hinder for deltaking. Det er mogleg å søke om deltakarstøtte for aktiviteter, 4H-prosjekt, transport, utstyr og medlemskontingent.
Søk deltaktarstøtte her: Deltakarstøtte - 4h