- Pris: Kr 0,-
- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane
- Fjærland
- (heldags)
Velkommen til fagre Fjærland for ei naturoppleving av dei sjeldne! Søndag 2. august møtast juniorar og seniorar i Fjærland for ein overnatting og ein fjelltur.
Under årsmøtet kom det forslag om ein fjelltur for juniorar og seniorar, der målet var å komme seg opp i høgda og ha det kjekt saman. Dette vart vedteke òg her er resultatet! Søndag 2. august møtast me på Bøyum Camping frå 16.00-18.00. Etter det set me opp telt og me et pasta bolognese til middag. Frå 20.00 er det fast volleyballsamling i Fjærland og her kan dei som vil vere med. 3. august startar med ein frukost der me også smørjer oss niste. 9.30 reiser me frå campingen og tar turen vår. Me er tilbake ca 14.30 og får servert pizza før det er heimreise.
Ein kan velje mellom to turar:
Geitskjelleflaten er ein kort tur der me brukar ca. 30 minutt opp og den ligg 100 MOH. Her brukar med litt tid på toppen og går ned og et lunsjen vår ved “kobbasteinen”.
Nesahaugen er ein lengre tur, det tar ca. 1,5-2 timar opp og den ligg rundt 700 MOH. Her tar me lunsjen på toppen før me går ned att.
Senior kan komme utan vaksen, men junior må ha med seg nokon. Dette kan vere forelder, klubbrådgjevar eller alumn i klubben. Kvar vaksen kan ha 10 ungdom og det er sjølvsagt lov å dele med naboklubben.
Velkommen til Fjærland! Me sjåast!
Spørsmål kan stillast til Kristin Eineteig, tlf: 95941699