- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane
- Gloppen Hotell, Sandane
- (heldags)
Er du Plakettmottakar i år? Bli med på årets Plakettfest 15. november på vakre Gloppen Hotell på Sandane! Dette er DIN dag! Du er i fokus! Vi markerer akkurat deg med fine helsingar og kan stolt overrekke plaketten du fortener. Det feirast med fristande koldtbord og spennande dessert med kaffi til - garantert godt og noko til einkvar smak.
Vi har gleda av å invitere årets plakettmottakarar til Plakettfest og middag på tradisjonsrike og flotte Gloppen Hotell.
Plakettfesten er 4H Sogn og Fjordane sin måte å heidre dei som har fullført 4H-løpet, og vi håpar at dei fleste av plakettmottakarane har lyst og høve til å kome på festen. Det vert fine talar og utdeling av plakett og vitnemål til kvar enkelt. Avsluttar med fotografering av våre flotte mottakarar.
Det er kjekt om du kler deg fint til festen, gjerne i bunad om du har.
Inviter med deg ein kjærast, sysken og/eller foreldre
Det er sjølvsagt gratis for plakettmottakarane å delta.
Pris for følgje er kr 700,-
Program for dagen:
- 15:00
- Frammøte og registrering av plakettmottakarar og gjestar
- 16:00
- Velkomen, 4H-lovnaden og praktisk informasjon
- Smakfull middag og fristande dessert
- Talar og underhaldning
- Utdeling av plakett og fotografering
- 19:00
- Vèl heim
Som sagt er det gratis deltaking for alle plakettmottakarar og prisen for gjestane du tek med deg er kr 700,-. Hugs at denne dekker ein fristande god middag og dessert for gjesten din. Betaling via påmelding i medlemsregisteret. Påmelding er bindande. Det betyr at om du melder deg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over, får du ikkje refundert beløpet.
Det er mogleg å bestille gruppebilde frå fotosesjonen. Dette kostar kr 200,- Ynskjer du ikkje å bestille eit fysisk bilde er det likevel viktig å stille opp på gruppebildet.
Påmeldingsfrist er 30.10.25
Hugs å melde inn evt. allergiar og liknande, både for deg sjølv og gjestane dine. I påmeldinga blir det òg spørsmål om samtykke til fotografering. Dersom nokon av gjestene dine ikkje samtykker til fotografering, skriv du dette i friteksten under påmelding.
Om det er klubbrådgjevarar eller andre som ikkje har høve til å melde seg på via ein plakettmottakar så send ein epost til sfj@4h.no.
Vi gler oss til dele denne dagen med deg!