Plakettfesten vert på Quality Hotel Sogndal laurdag 23. november 2024. Håper alle plakettmottakarar i Sogn og Fjordane tar fram finstasen og kjem på høgtideleg fest og utdeling av plakett og vitnemål. Inviter gjerne med deg kjærast, søsken, foreldre eller klubbrådgjevar, slik at dei også kan få vere med å feire plakettmottakarane. Vi gler oss!  

Program 

15:30 

Oppmøte og registrering av plakettmottakarar og gjester. 

16:00 

Velkomen, 4H-lovnaden og praktisk informasjon. 

Middag på Quality hotel Sogndal 

Taler og underhaldning 

Ca. 18:00 Utdeling av plaketten

Fotografering

19:00
Vel heim

Festen er gratis for plakettmottakarane. 

Billettprisen for gjestene du tek med deg er kr 700,-. Betaling skjer ved påmelding i medlemsregisterert. Påmelding er bindande. Dette betyr at dersom ein må melde seg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over, får man ikkje refundert beløpet.

Det er mogleg å bestille gruppebilde frå festen. Det kostar 200,-. Ynskjer du ikkje å bestille eit fysisk bilde er det likevel viktig å stille opp på gruppebilete. 

Påmeldingsfrist 03.11.24

Har du bunad, er det fint om du tar den på. 

I 2024 er det 57 plakettmottakarar i Sogn og Fjordane, og vi vonar å sjå så mange som råd på plakettfesten. 

Hugs å melde inn evt. allergiar o.l., både for deg sjølv og gjestane dine. I påmeldinga blir det og spørsmål om samtykke til fotografering. Dersom nokon av gjestene dine ikkje samtykker til fotografering, skriv du dette i friteksten under påmelding.  

Om det er klubbrådgivarar eller andre som ikkje har høve til å melde seg på via ein plakettmottakar så send ein epost til sfj@4h.no.