- Pris: Kr 0,-
- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane
- Comfort Hotell Victoria Florø
- 15:30 - 19:00

Aktivitet
4H Sogn og Fjordane inviterer alle plakettmottakarar, vener og familie til plakettfest i Florø. Velkomen!
Plakettfesten vert på Comfort Hotell Victoria Florø laurdag 25. november 2023. Håper alle plakettmottakarar i Sogn og Fjordane tar fram finstasen og kjem på høgtideleg fest og utdeling av plakett og vitnemål. Inviter gjerne med deg kjærast, søsken, foreldre eller klubbrådgjevar, slik at dei også kan få vere med å feire plakettmottakarane. Vi gler oss!
Program (med forbehold om mindre endringar)
Laurdag 25. november 2023.
15:30 - 16:00
Oppmøte og registrering av plakettmottakarar og gjester.
Velkomst og informasjon om festen.
16:00 – 19:00
Middag på Comfort Hotell Victoria Florø
Ca. 17:15 Taler og underhaldning
Ca. 17.45 Musikkinnslag ved Florø kulturskule.
Ca. 18:00 Utdeling av plaketten og fotografering.
Ca. 19:00 Takk for i dag og vel heim.
19:00 Avslutning - Vel heim
Festen er gratis for plakettmottakarane.
Billettprisen for gjestene du tek med deg er kr 650,-. Det dekkar kostnadane for maten. Betaling skjer ved påmelding.
Det er mogleg å bestille gruppebilde frå festen. Det kostar kr. 200,-.
Har du bunad, er det fint om du brukar den.
I 2023 er det 55 plakettmottakarar i Sogn og Fjordane, og vi vonar å sjå så mange som råd på plakettfesten.
Hugs å melde inn evt. allergiar o.l., både for deg sjølv og gjestene.
Om det er klubbrådgivarar eller andre som ikkje har høve til å melde seg på via ein plakettmottakar så send ein epost til kontoret, så melder vi på.