- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane
- Sagastad og Nordfjord Hotell, Nordfjordeid
- (heldags)
Årets plakettmottakarar, venner og famile er invitert til plakettfest. Her vil alle som har motteke plaketten og fulført minst 7 år i 4H motta plaketten og vitnemålet, dette er ei feiring av deira innsats i 4H.
4H Sogn og Fjordane inviterer alle plakettmottakarane til Plakettfest på Nordfjordeid
laurdag 28. januar.
Vi vonar du vil vere med på denne festen. Inviter gjerne med deg kjærast, søsken, foreldre eller klubbrådgjevar, slik at dei også kan få vere med å feire plakettmottakarane.
Program (med forbehold om mindre endringar)
13:00- 13:30
Oppmøte og registrering av plakettmottakarar og gjester på Sagastad Vikingsenter
Klar i finstasen
13:30 – 13:45
Velkomst og kort presentasjon frå sagavert om vikingstaden Eid og museet
13:45 – 14:45
Fotografering av plakettmottakarar
Sjå på utstillinga på museet
14:45 – 15:30
Underhaldning ved Vikinglinja på Fjordane folkehøgskule – viser bruk av kvassvåpen i kamp
16:00 – 19:00
Middag på Nordfjord Hotell
Utdeling av plaketten
Taler og underhaldning
Avslutning - Vel heim
Festen er gratis for plakettmottakarane.
Billettprisen for gjestene du tek med deg er
kr 650,-. Det dekkar kostnadane for maten og inngang på Sagastad. Betaling skjer i medlemsregisteret.
Bindande påmelding.
Har du bunad, er det fint om du brukar den.
I 2022 er det 74 plakettmottakarar i Sogn og Fjordane,
og vi vonar å sjå så mange som råd på plakettfesten.
Påmelding i medlemsregisteret
innan fredag 13. Januar 2023 torsdag 19. januar 2023
Der kan de også krysse av for om de ynskjer å bestille bilete av plakettmottakarane
Hugs å melde inn evt. allergiar o.l., både for deg sjølv og gjestene.