Årets 4H volleyball Nattcup vert arrangert i Eidahallen laurdag 22. – søndag 23. mars.

Invitasjonen går ut til alle 4H-klubbar i Sogn og Fjordane og medlemane deira. Eid 4H nemnd, som står som arrangør for nattcupen, er ei fells nemnd for 4H- klubbane i ytre Nordfjord.

Vi vil at Nattcupen skal bli eit kjekt arrangement der ungdomar frå heile Sogn og Fjordane kan ha det kjekt i ein vennskapeleg kappestrid i volleyball!
 

TID OG STAD

4H- volleyball nattcupen blir arrangert i Eidahallen på Nordfjordeid. Du finn den ved sidan av Eid barneskule. Nattcupen startar kokka 20.00 laurdag 22. mars vert avslutta ca klokka 1.00-1.15 søndag 23. mars. Etter turneringa er planen at flest mogeleg reiser heim. Vi legg opp til at folk frå Gloppen, Jølster osv kan nå 02-ferja Lote-Anda. For dei som av ulike grunnar ikkje kan reise heim om natta, har vi eit enkelt overnattingstilbod på skulen.

 

LAG OG TURNERINGA

Kvart lag skal vere samansett av spelarar i alderen 12 -18 år Vi ønskjer så langt som råd at ein stiller «blanda lag» med både jenter og gutar, - og yngre og eldre spelarar. Eit lag kan ha inntil 10 deltakarar – det vil seie 6 spelarar på banen med rullerande innbytarar. Kvart klubb/lag stiller også med ein vaksen leiar.
Er de ikkje mange nok til å stille lag – meld på dei som vil, så ordnar vi med ekstra folk slik at ein får fullt lag!

Kampane blir spelt på tid, og oppsettet vert slik at alle lag skal spele mange kampar. Kor mang kampar det vert i dei innleiande rundane er avhengig kor mange lag som er påmeld. Mellom kampane vert det tid til litt ein tur i kiosken, heie på andre lag, spel og prate med folk i foajeen. Dette er ein venskapeleg turnering der det er like viktig å ha det kjekt i lag som å vinne. Det vert sjølvsagt premiar, - både ein premie til kvart deltakarlag og ei påskjønning til laget som går sigrande ut av turneringa!


MAT

Eit måltid med enkel, varm mat – pizza eller liknande og i tillegg litt frukt - blir servert litt ut i turneringa. Dette er inkludert i prisen for påmelding. I tillegg vert det kiosk på turneringa der ein kan få kjøpe brus, chips, sjokolade, snop med meir.
 

OVERNATTING

Deltakarar som treng overnatting får eit enkelt tilbod om dette på klasserom/sfo på skulen. Ein må ta med liggeunderlag, sovepose, toalettsaker/handkle og det du treng for overnatting. Laurdag morgon stiller vi med enkel frukost, brødmat, vanleg pålegg, mjølk, kaffi og te. Dette er inkludert i prisen for påmelding.
 

PRIS

Kvar deltakar i turneringa betaler kr 250. I tillegg til turneringa dekker dette eit varmt måltid i løpe av kvelden, overnatting og frukost nest morgon om du treng det. Vaksne som føljer laget/ er sjåførar, går gratis. Dei får også mat og overnatting om det er aktuelt.
 

KIOSK

Kiosken vert open under heile turneringa. Her kan du kjøpe brus, chips, popkorn, sjokolade, snop med meir. Det vert også høve til å kjøpe enkelt 4H-effektar. I kiosken kan du også kjøpe 4H VOLLEYBALL NATTCUP t-skjorta, for kr 50,-
 

PÅMELDING

Påmeldinga opnar i starten av 2025
Påmelding/avmelding seinast søndag 16. mars

Påmeldinga er bindande.


MEIR INFORMASJON

Lurer du på noko eller treng meir informasjon kan du lese på nettsida --- eller du kan ringe - Dianne Eikås 91841657 – diannjor@online.no

 


Då er det berre å forbrede seg med å finne eit lag, samle ein fin gjeng og starte treningar – Dette blir kjekt! 🙌