- Arrangør:
- Vassenden
- (heldags)
Leir
I år opnar vi for at Kløvermedlemmar (8år+) kan få bli med på avslutninga av Storkurs 🍀
Velkomen til storkurs!
I tillegg til kursa blir det aktivitetar som bli-kjent program, underhaldning, leikar og musikk.
Kurset skal vere på Vassenden skule og hallen.
Vassenden er omringa av inspirerande natur, og er heimen til to av noregs mest kjende kunstnarar, Nikolai Astrup og Ludvig Eikås. Området rommar uteområde med moglegheit for mange aktivitetar utan om sjølve kursa. Her kan vi nemne bading i Jølstravatnet, kunstgrasbane og handballbane. I tillegg har vi hallen der det vert lagt til rette for Volleyball spel!
Du som fyller 12 år i år eller eldre kan vere med. I år legger vi også til rette for at aspirantar og kløvermedlem kan ta turen innom på søndag for å vere med dei siste timane! Er du over 8 år? Så kom og bli med!
Lurt å ta med:
- Lommepengar eller vipps
- Sko og kle til aktivitetar
Program:
Søndag 13. september
ASPIRANTANE KJEM!
10:00-12:00 Felles aktivitet
12:30-13:30 Lunsj i Gjesthalla og heimreise
Kursreglar
Når vi er mange saman i fleire dagar må vi ha nokre reglar å rette oss etter, slik at alle kan ha det så bra som mogleg.
1. Ver ein god kamerat og vis alltid omsyn til andre.
2. Det er ikkje lov å forlate kursstaden utan løyve frå vaksenleiar.
3. Etter at det skal vere ro på sovesalane er det berre lov å opphalde seg på tilvist stad.
4. Ver presis til kursøktene og hald orden i tinga dine. Andre sine ting let vi liggje i fred. Det gjeld sjølvsagt også skulen sine ting.
5. All bruk av rusmiddel og energidrikk er sjølvsagt forbode, og vil medføre heimsending på eiga rekning.
Påmelding, avmelding og pris
Påmeldingsfristen er 20.08.26. På ein del kurs er det avgrensa plassar, desse fell vekk frå påmeldinga når dei er fulle.
Påmeldinga opnar 07.08.26
Avmelding må skje før 20.08.26.
PS: Påmelding er bindande. Dette betyr at dersom ein må melde seg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over, må ein likevel betale deltakaravgift. Det er ikkje mogleg å gje plassen sin til nokon andre dersom ein ikkje kan møte sjølv. Dersom ein blir sjuk må ein likevel betale deltakaravgift, men få att pengane via reiseforsikringa si.
Meir informasjon om kurset vert sendt på e-post til deg som er påmeldt seinast fredag 6. september.
Storkurset kostar:
Kløvermedlem kr 100,-
Voksenleiar kr 0,-
Spørsmål og svar
Kva er storkurs?
Storkurset er ei samling av mange artige, spennande og lærerike kurs, og ein stad for å ver sosial.
Kva er aldersgrensa?
Storkurset er for alle 4H-medlemmer som fyller 12 år eller meir i 2026. På søndagen inviterar vi alle som er 8 år+
Kvar skal vi vere?
Storkurset skal vere på Vassenden.
Får vi mat?
Blåklokka 4H lagar og serverar god mat på skulen. Dei faste måltida er med i prisen på kurset, medan kioskvarer kjem utanom. Dersom du ikkje toler spesielle matvarer, må du melde frå om dette ved påmelding til kurset.
Må vi ha med vaksne?
Storkurset er eit stort arrangement med mange deltakarar. For å sikre god kontakt mellom deltakarane og dei kursansvarlege må det vere med ein vaksen leiar pr 10 deltakarar. Klubbar kan samarbeide om leiar. Alle kløvermedlemmar må ha med seg ein vaksen.
4H Sogn og Fjordane og Blåklokka 4H ynskjer alle velkomne til haustkos og storkurs!