- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane
- Leikanger Fjordhotel
- (heldags)
Endeleg kan vi samlast igjen til ei triveleg og sosial helg med mykje inspirasjon!
Stad
Til alle dei flotte vaksne i 4H Sogn og Fjordane, velkomen til inspirasjonssamling 2023 på Leikanger Fjordhotel 13.-15. Januar.
Påmelding
Påmeldingsfrist til samlinga er 15. desember, men ikkje nøl med å melde deg på. Bli med å få ein kanonstart på 4H-året 2023 du òg!
For å melde deg på Inspirasjonssamlinga må du finne fram medlemsnummeret ditt i 4H. Dersom du ikkje hugsar passordet må du klikke på «glemt passord». Nytt passord blir sendt til registrert e-postadresse i medlemsregisteret.
Dersom du er nyvalt klubbrådgjevar, må du registrere deg/melde deg inn i 4H.
Dette gjer du ved å sende e-post til kontingent@4h.no. Oppgje personalia og kva klubb/fylke du er valt inn i. Du vil da få tildelt eit medlemsnummer slik at du kan melde deg på samlinga.
Påmeldinga er bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over, må du likevel betale deltakaravgift. Unntaket er dersom du blir sjuk og kan vise til attest frå legen. Dersom dette skulle skje, må du snarast sende epost eller ringe 4H-kontoret.
Pris
Inspirasjonssamlinga kostar 2000,- pr person i dobbeltrom og 3000,- pr person i enkeltrom. Prisen inkluderer all mat.
Faktura blir sendt til klubben din, og må vere betalt før samlinga. Vi oppfordrar klubbane til å dekke kostnadane opp til 2000,-.
Om du ikkje har moglegheit å overnatte, kan du få ein dagpakke til 895,- Dagpakken gjeld laurdag, og den inkluderer mat og aktivitet den dagen.
Program
Fredag
1800 Ankomst og innkvartering
1900 Velkomen, presentasjon og bli kjent m/ Kristin Eineteig og Hilde Berit Hylland
1930 Pizzabuffet
2100 Fri sosialtid - Fylkesstyret er synlege og tilgjengeleg for spørsmål
Laurdag
0800 Frukost
0900 Klubbrådgjevarrolla
1015 Foredrag m/ Synne Aafedt Liljedahl, helserådgjevar ved Frisklivssentralen i Sogn
1130 Lunsj
1230 Besøk frå sentralstyret!
1400 Uteaktivitet med mat på bål
1700 Fritid
1900 Middag
2100 Quiz
Sundag
0830 Frukost
0930 Prosjektplattformen m/ Linda Liem, fagrådgjevar i digitale prosjekt og oppdragsbanken
1100 Medlemsregisteret m/ Kari Anne Årseth Grimelid, organisasjonsrådgjevar
1130 Spørjetime og informasjon
1230 Lunsj og heimreise