Årets samling blir på nydelege Gloppen Hotell i Nordfjord. 

Inspirasjonssamlinga er ein del av Superhelga som 4H arrangerer. Denne helga vert det  halde styrevervkurs for ungdomar i medlemsalder og inspirasjonssamling for vaksne. Sundag 8. februar vert det heile avslutta med Fylkesårsmøte!  

Program  

Fredagen starter programmet med opning og felles måltid saman med ungdomane på Styrevervkurs (Breim skule) klokka 18.00. Klokka 21.00 er deltakarane på Inspirasjonssamlinga klar på hotellet for å bli kjent med kvarandre og fylkesstyret, samt utveksle erfaringar og gode idear.  

Laurdag startar vi opp klokka 09.00 for å høyre om planane for Landbrukets år, samt besøke ein gard i nærleiken. Etter lunsj set vi fokus på rolla som klubbrådgjevar. Etter middag klokka 19.00 avsluttar vi med ein time erfaringsutveksling.  

Meir utfyllande program kjem, og vi lovar pr. no:  

  • Aktivitet i høve Landbrukets år 2026  
    - idear til klubbaktivitet, stønadsordningar og gardsbesøk. 
  • Førstehjelpskurs  
  • Bli trygg i klubbrådgjevarrolla  
    - lær korleis du kan handtere utfordrande situasjonar i klubben.  

Pris pr. deltakar 

  • Deltaking utan overnatting kr 2000 
  • Deltaking med overnatting i dobbeltrom kr 3000  
  • skriv namnet på den du vil dele rom med i “fritekst” i påmeldingsskjemaet 
  • Deltaking med overnatting enkeltrom kr 3500 

Meld deg på via “Min side”!  

For å melde deg på må du ha eit medlemsnummer. Alle som er registert i 4H sitt register som pårørande, klubbrådgjevarar eller medlemmer har eit slikt nummer. Kjenner du ikkje nummeret eller passordet ditt? Klikk på “Få passord/glemt passord eller medlemsnummer?”  Fungerer ikkje det? Skriv ein epost til kontoret - så sender vi det til deg! 

Påmeldinga er personleg og bindande. Dersom du må melde deg av; send ei melding til Amalie så raskt som råd. 

Det er vanleg at 4H-klubbane betaler for inspirasjonssamlinga. Vi sender derfor faktura til klubben du er aktiv i. Slit klubben med å betale? Ta kontakt med oss på kontoret, så finn vi ei løysing. Hugs å føre opp klubben som "Annen betaler" når du melder deg på.  

Meld deg på i dag! Og i god tid før 19. Januar. 

Har du behov for tilrettelegging? 

Meld inn dette i påmeldingsskjemaet.