- Pris: Kr 0,-
- Arrangør:
- Kokstad, Flesland
- (heldags)
Organisasjon
Er du klar for ei helg med planlegging, læring og moro saman med engasjerte 4H-arar frå fylkesstyra til 4H Møre og Romsdal, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane?
Stad:
Thon Hotel Bergen Airport
Gratis parkering og kort veg frå flystripa.
Kjem du med fly? Kjøp billett (sone A) på bybanen (Skyss).Ta banen til stoppestedet Birkelandsskiftet. Du ser hotellet frå haldeplassen.
Kort frist for påmelding:
Måndag 30. september (midnatt) er fristen for å melde seg på.
Kva kostar samlinga:
4H-fylket ditt dekker reise og opphald.
Kven kan melde seg på?
Samlinga er berre for 4H-arar med verv i eit av fylkesstyra på vestlandet (4H Møre og Romsdal, Hordaland, Rogaland eller Sogn og Fjordane)
Bestilling av reise:
Avtal reisemåte og tider med leiaren i fylkesstyret ditt. Hugs at Widerøe har godt tilbod frå nord og sør og vel ungdomsbillett om du kan. Billegaste reisemåte gjeld alltid i 4H :) Legg ut og få pengene att etterpå (reiserekning ligg som vedlegg her). Dersom det er vanskeleg for deg å legge ut, tar du kontakt med 4H-kontoret i fylket ditt eller styreleiaren din.
Fylka bytter på det økonomiske arrangøransvaret. Reiserekninga skal sendast til Rogaland denne gongen: rogaland@4h.no
Møterom:
Vi har eitt stort og tre mindre møterom på hotellet både laurdag og søndag. Eit rom til kvart styre. Sei frå dersom styret ditt ikkje skal bruke møterommet sundag (styremøte).
Pakkeliste:
- PC kan vere lurt å ha
- Godt humør
- Pyjamas
- toalettsaker
Soverom:
Sidan dobbeltrom er mykje billegare enn enkeltrom, er dette standard. Skriv i friteksten (påmeldingen) kven du ønskjer å dele rom med. Dersom du av helsemessige årsaker treng enkeltrom, skal du sjølvsagt få dette. Kryss av for "ønskjer enkeltrom" i påmeldinga.
Program
Fredag 1. november
1900 Middag for dei som har tinga dette i påmeldinga
2100 Vi er sosiale i lobbyen
Laurdag 2. november
0900 | velkommen på samling |
praktisk info og litt om programmet | |
0910 | Morgonsamling og bli kjent |
0915 | Ny nasjonal strategi for medlemsvekst - kva betyr dette for fylkeslaga? (Martin Holmen) |
1015 | Pause - ansatte kjem til hotellet |
1030 | kort presentasjonsrunde + innledning til Handlingsplan-økt (Martin snakker med eitt og eitt fylkesstyre den neste timen - parallelt med programmet) |
1045 | Rogaland presenterer sin handlingsplan og får respons frå dei andre |
1100 | Hordaland presenterer sin handlingsplan og får respons frå dei andre |
1115 | Pause |
1130 | Møre og Romsdal presenterer sin handlingsplan og får respons frå dei andre |
1145 | Sogn og Fjordane presenterer sin handlingsplan og får respons frå dei andre |
1200 | Lunsj |
1300 | Klar for teambuilding |
1530 | møtemat |
1600 | Hordaland fortel korleis dei arbeidde under Landsleir (synleggjering) |
1630 | Alle fylker har nå synleggjeringsgrupper. Vi deler tips og triks. |
1700 | pause |
1715 | Årsmøtetrening - korleis legga fram ein sak utan at det blir kjedeleg og styrande i forhold til vedtak? |
1800 | fri (planlegge sosialt itil kvelden) |
1930 | Middag |
Nattdebatt: Meld gjerne inn ønska tema |
Søndag 3. november
0900 tid til styremøter/arbeidsmøter
1200 Lunsj
vel heim
*med atterhald om endringar i programmet.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med regionkoordinator Synnøve Jørgensen. Ho er med på heile samlinga fredag til søndag.