logo fylkesleir

Kort om arrangementet  

Det er på tide med fylkesleir att! På fylkesleiren skal me bu i telt og ha det kjekt saman. Me skal bli kjent med kvarandre, ha kjekke aktivitetar, kul underhaldning og ikkje minst blir det SOFA-is!!  

Me skal vere saman frå torsdag til søndag.

Torsdag skal me blir kjent med kvarandre, få øve litt på førstehjelp og på branntryggleik. Det vert ulike krasjkurs i miljøtorget på kvelden og alumnklubben SOFA held miljøtorgkiosken open for oss! 

Fredag er det trivselsdagen! Då skal alle velje seg ein aktivitet som dei reiser på denne dagen. På kvelden er Miljøtorget opent og scena vert open for dei som vil. 

På laurdag vert det open dag. Då kan familie og venar kome på besøk på leiren. Det vert også volleyball- og tautrekkingturnering. Aspirantleiren (for deg som er under 12 år) startar på laurdag og på kvelden vert det tropisk natt i Miljøtorget! (temafest: kle deg i “tropiske” klede) 

Søndag skal det vere finalar og premieutdeling før me seier «ha det bra» og reiser heimatt. 

Stad

Vår flotte, gode leir skal i år vere på Fjordhestgarden på Reed! Det er Gloppen 4H-nemnd som er lokal arrangør i år.

Program 

Programmet ser slik ut no, men det kan komme små endringar etter som leiren nærmar seg endå meir. 

Torsdag 10. august – ankomstdag 

14.00: Leirkontoret opnar - velkommen til leir! 
14.00: Komme til leir, sette opp telt, registrering, pynte tun 
17.00: Offisiell opning av leiren ved scena 
17.30: Middag 
18.30: Tunsamling – vel to tunsjefar 
18.45: Leiar- og tunsjefsamling  
20.00: Bli kjent, brannøving og førstehjelp 
21.00: Miljøtorget opnar 
21.00: Kveldsmat vert sett fram 
22.00: Krasj-kurs i miljøtorget 
23.00: Leirkontoret stenger 
23.00: Ro i teltleiren 
00.00: Seniortimen! 
01.00: Miljøtorget stenger 

Fredag 11. august – trivselsdagen 

07.30: Vekking 
08.00: Frukost 
08.00: Leirkontoret opnar 
09.00: Morgonsamling ved scena 
09.30: Første pulje tek buss til Sandane (aktivitetar)
10.10: Andre pulje tek buss til Sandane (aktivitetar)
10.00-15.00: Leirkontoret stengt 
16.30-17.00: Bussane returnerer til leiren 
17.00: Middag 
17.45: Tunsjefsamling 
18.00: Tunsamling 
19.00: Siste frist for påmelding til open scene og volleyballag 
19.00: Miljøtorget opnar 
20.00: Open scene! 
21.00: Kveldsmat vert sett fram 
22.00: Leiarsamling 
23.00: Ro i teltleiren 
23.00: Leirkontoret stengjer 
01.00: Seniortimen 
02.00: Miljøtorget stenger 

Laurdag 12. august – tevlingar og open dag 

07.30: Vekking 
08.00: Frukost 
08.30: Leirkontoret opnar 
09.00: Morgonsamling ved scena 
10.00: Volleyballturnering og tautrekking 
12.00: Aspirantleiren startar 
13.00-15.00: Aspirantaktivitet 
14.00: Open leir! Eiget program kjem 
18.00: Tunsamling 
18.30: Middag 
20.00: Miljøtorget opnar 
21.00: Tropisk natt startar 
22.00: Leiarsamling 
23.00: Leirkontoret stenger 
00.00: Ro i teltleiren 
04.00: Miljøtorget stenger 

Søndag 13. august – finaledag 

08.00: Vekking 
08.30: Frukost  
09.00: Leirkontoret opnar 
09.30: Morgonsamling 
09.45: Rydding og pakking 
11.00: Finale i volleyballturnering og tautrekking 
12.30: Premieutdeling og avslutning ved scena 
13.00: Lunsj og heimreise 
14.00: Leirkontoret stenger 

På fredag er det aktivitetsdag. I påmeldingsskjemaet skal du velje ein av aktivitetane under. Dersom ein aktivitet ikkje kjem opp som alternativ i påmeldinga, er denne allereie fullbooka. Det blir ikkje høve til å bytte aktivitet. 

VALFRI AKTIVITET
1PadlingPadleaktivitet! Bli med ut på Gloppefjorden og nyt livet til sjøs. maks 15 deltakarar
2Historisk vandringBli med på ei interessant vandring rundt på Sandane med spennande historiar av ein erfaren og god forteljarmaks 15 deltakarar
3GolfLær deg å spele golf som dei profesjonelle! Kanskje blir du like god som "Tutta"?maks 20 deltakarar
4RusseholaVi går frå Sandstøylen, i spennande terreng og til Russehola. Der får vi sjå hola og høyre historia om 4 russiske krigsfangar som i 1944 rømde og gøymde seg her.maks 15 deltakarar
5Hest og ridingStell av hest og riding på Rygg.maks 10 deltakarar
6Redesign (obs! kr 150 kr i eigenandel)Likar du redesign? Er du erfaren eller nybyrjar med symaskina? Bli med på workshop og redesign med flinke Eva som instruktør. Eigenandel på 150kr.maks 7 deltakarar
7Livredning og Klatring og TurnKorleis er det å ramle ut av ein båt? Livredning, symje med kle og leik i basseng. Trampett og turn med instruktør i den flotte turnhallen i Trivselshallen. Klatring i Trivselshallen.maks 36 deltakarar
8HolvikfossenVi tek turen til trivselsskogen, gjennom kjærleiksskogen og TinCamp og endar opp på Holvikfossen og det spektakulære utsiktspunktet som gjev oss utsyn over heile Sandane. plass til alle!
9DagsturhyttaDagsturhytta er ein enkel og roleg tur på god sti. Vi tek turen innom kjærleikskogen der du kanskje kan henge frå deg ei kjærleg helsing?plass til alle!
10GardsbesøkLikar du dyr og ønskjer ein dag på gard med gardsarbeid? Bli med i Ryssdalen.maks 12 deltakarar
11BandVil du prøve deg på ulike instrument? Vi øvar inn nokre songar ilag. Viss de vil, kan de opptre på open scene. Meld inn kva instrument du spelar og kva erfaring du har med musikk. maks 12 deltakarar
12AlumnaktivitetHavrafting på NordfjordeidBerre for alumnmedlemar
13INGEN AKTIVITETEr du arrangør, vaksenleiar eller barn av vaksenleiar vel du dette alternativet.

Praktisk informasjon  

Du kan delta på fylkesleir dersom du fyller 12 år eller er eldre i år.

Det er viktig at du i påmeldinga gir beskjed om eventuelle allergiar eller noko anna du vil trenge under leiren. 

Aspirantleir 

Er du aspirant og ikkje gamal nok til å vere med på heile leiren kan du vere med på aspirantleir! Aspirantleir starta laurdag klokka 12 og er ferdig når heile fylkesleiren er ferdig. Aspirantane frå dei ulike klubbane må ha med seg ein eigen vaksenleiar. Naboklubbar kan samarbeide om vaksenleiar for aspirantane!  

Aspirantane har sin eigen aktivitet, og blir med resten av leiren på det som skjer elles. Det kostar 400kr for aspirantleir. 

Lenke til informasjon og eiga påmelding. 

Påmelding for deltakarar 

For vanleg deltakar kostar leiren 950kr. Dersom ein familie sender fleire søsken så kostar det første barnet 950kr og så vil søskenpris vere 850kr.  

Fristen for å melde seg på leir er 30. juni. 

Påmeldinga er personleg og bindande. Det vil seie at dersom ein ikkje kan kome på leir etter at ein har meldt seg på må ein fortsatt betale. Unntaket er om ein vert sjuk og ein kan vise fram attest frå lege. Dersom ein ikkje kan kome på leir eller vert sjuk må ein sende melding til sfj@4h.no eller ringe leirsjef, Kristin. 

Lenke til rettleiing for innlogging i medlemsregistret/min side 

Påmelding for vaksenleiarar, alumnar og arrangørar 

4H klubbane har ansvar for å sende 1 vaksenleiar pr 15 deltakar frå sin klubb. Dersom naboklubbar ynskjer det, kan de samarbeide om vaksenleiarar. Som vaksenleiar har du ansvar for medlemane frå din klubb. Du kan også få hjelpe arrangørklubben med enkle dugnadsoppgåver. Dette er ein flott moglegheit til å bli kjent med fleire vaksne og frivillige i 4H. Som vaksenleiar betalar du 0 kr for å vere med på leiren. 

Dersom du som vaksenleiar har barn som må vere med under deltakaralder så betalar barnet 300 kr for å vere med på heile leiren. Barnet får ikkje delta på aktivitet. Det finnes ein eigen kategori i påmeldingsskjemaet som heiter "Søsken/born under 4H-alder". Dersom barnet ikkje har eige medlemsnummer, nyttar de skjemaet under. 

Er du alumn har me eit supert tilbod til deg i år!
Melder du deg som nattevakt får du 50 kr prisreduksjon per natt du tek (vakta varer ikkje heile natta, men nokre timar). Ordinær påmeldingspris for alumnar er 500 kr. 
I påmeldingsskjemaet er denne rabattordninga organisert slik at du må velje deltakarkategori heilt i starten av skjemaet. 
Alumn = Du ønsker ingen nattevakter og betaler ordinær deltakarpris for alumnar kr 500
Alumn, 1 døgn = Du ønsker 1 nattevakt og betaler kr 450 i deltakarpris
Alumn, 2 døgn = Du ønsker 2 nattevakter og betaler 400 i deltakarpris
Alumn, 3 døgn = Du ønsker 3 nattevakter og betaler 350 i deltakarpris 

Har du eller barnet ditt ikkje medlemsnummer?
Meld deg på i dette skjemaet. 

Er du arrangør, vaksenleiar eller barn av vaksenleiar får du ikkje delta på aktivitet (vaksenleiarar blir plassert der vi treng dei mest).
Vi ber deg derfor velje aktivitet nr 13 INGEN AKTIVITET i påmeldingsskjemaet. 

Deltakarstøtte 

Dersom det av ulike grunnar er vanskeleg å betale for deltakaravgifta kan ein søke om deltakarstøtte i 4H.  

Spørsmål? 

Har du nokon spørsmål om leiren?  

Ta kontakt med leirsjef Kristin Eineteig.

Mobil: 95 94 16 99 

E-post: kristineineteig@hotmail.com  

eller 4H-kontoret