På programmet står aktivitetar som bli-kjent-leikar, natursti, bålkos, underhaldning, valfrie aktivitetar, volleyball, konkurransar og gode måltid.

 

På laurdagsføremiddagen kan deltakarane velje ein av følgjande aktivitetar:

  1. Fisking (Max 12)
  2. Fjelltur (Max 20)
  3. Gardsbesøk (Max 20)
  4. Volleyball (Max 14)
  5. Skyting (Max 12)
  6. Batikk (Max 24)
  7. Trearbeid (Max 15)

Meir informasjon om aktivitetane og program står lenger nede på sida

Leiravgift: kr. 600, mat er inkludert i leiravgifta.

Ta med:       

  • Sovepose, liggeunderlag, telt, solkrem
  • Fat, bestikk, kopp, drikkeflaske, matboks, spikkekniv
  • Handduk, toalettsaker, lommepengar
  • Klede etter veret (kan vere kaldt om kvelden)

Det må til ei kvar tid vere leiar frå klubben til stades på leiren. Ein leiar pr. 10 påmelde frå klubbane går gratis på leiren, slik praksisen er på fylkesleirar i 4H.

 

Det vil bli kiosk på leiren, vi tek imot kontantar og vipps.

 

Påmelding i medlemsregisteret innan onsdag 05.juni - Påmeldinga opnar 14. mai J

 

Ved spørsmål ta kontakt med:

  • Maria Cecilie Nesheim Aardalsbakke: 40317188
  • Camilla Nesheim: 97018133

Meld frå om det allergiar eller andre ting vi må ta omsyn til.

 

Vi sjåast på leir!

Helsing Troda 4H


Aktivitetar

 

Fisking

Vi reiser ut på fjorden i frå småbåthavna på Davik med båt, for å fiske. Det er ein åpen båt så ein må kle seg godt etter veiret, vindtette kle er ein fordel då det ofte er vind på sjøen. Ta med deg drikkeflaske, godt humør og motivasjon.

Pakkeliste: Ein treng gode kle etter veret, vanntette sko, redningsvest, fiskestang/harpe, fiskekrokar, kniv, drikkeflaske 

Fjelltur

Turen tek ca 1-1 1/2 t opp i passeleg tempo. Ein kan gå råsa opp, og skogsvegen nedatte, eller omvendt. Vi går opp til Tungesksrssætra, der vi et nista. Moglegheit for å fylle på drikkeflaska undervegs. Om ein går litt lengre opp får ein fin utsikt over Davik og Nordfjorden på toppen. Turen passa for nybyrjarar/ middels trente turgåarar så her er det plass til alle. Ta med kle etter veret, sitteunderlag, liten tursekk.

Gardsbesøk

Vi besøkjer Knutebrukjet. Har du lyst og få eit innblikk i livet til den som legg mat på bordet. Eller berre og sjå korleis den finaste fjøsen i Norge. Då er dette aktiviteten for deg.

Volleyball

Aktivitet for deg som vil lære meir om volleyball. Det blir ulike volleyballaktivitetar og sjølvsagt spel. Vi spelar på grasbane og sandbane. Deltakarane blir delt opp i grupper under aktivitetane. Det blir postar med forskjellige volleyball aktivitetar og alle gruppene rullerer frå post til post.

Deltakarane burde ha med seg ein shorts/joggebokse eller regnklede siden aktivitetane blir ute og været er uforutsigbart. Joggesko eller barfot kan man spele med.

Skyting

Her vil du få prøve å skyte med 22 kaliber på utendørs bane. Ta gjerne med deg ein ven eller treff nye vener på aktiviteten. De vil bli køyrt til skytebana i Rugsund der de vil få ei innføring av instruktør og prøve skyteferdigheitene.

Batikk

Vil du lære å lage di heilt eigne fargerike batikk t-skjorte? Då kan du bli med på dette kurset på leiren. Vi stiller med det du treng for å få det til. Vi vil forklare litt om teknikk får å få ulike mønster før du får prøve på eigahand. Du knyter mønsteret dit og vel kva farge/fargar di vil ha. Alle som prøvar vil få med seg ei heilt unik batikk t-skjorte som ein har laga heilt sjølv.

Trearbeid

Bli med å lage vikingstol, inspirert av vikingtida. Stolen er perfekt for små uteområde eller rundt ei bålpanne. Stilig og praktisk, enkel og så opp og pakke saman. Du får utfordre deg med design og utforming.


Program for leiren

Tidspunk/dag

Aktivitet/program

Fredag

 

17:00

Rigging av leir

18:00

Opning av leir + Flaggheising + Informasjon  +4H-lovnaden

18:45

Middag/Kvelds

19:30

Fyrstehjelps kurs + Brannsikerhetskurs + Bli kjent leikar

20:30

Kiosk + fritid

23:00

Ro for natta

Laurdag

 

07:30

Vekking + frukost + flaggheising + 4H-lovnaden

09:30

På aktivitet

12:00

Lunsj (niste på aktiviteten)

14.00

Tilbake frå aktivitet

15.00

Felles aktivitet og tevlingar

17:00

Middag

18:00

Natursti

19:00

Kiosken opnar

20:00

Kveldsmat

21:00

Underhaldning

00:00

Ro for kvelden

Søndag

 

08:00

Vekking + Frukost + flaggheising

09:30

Opprydding

10:30

Tevlingar

13:00

Restefest

14:00

Vel heim

Med forbehald om endringar

 

Takk til våre sponsorar, Mowi, Guleslettene vindkraft, Bremanger ungdomsråd, Sparebanken Vest, Tine, 4H Sogn og Fjordane