- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane
- (heldags)
Aktivitet
Vi markerar 4H dagen heile mai månad med å sove under open himmel. Alle som deltek får ei gåve, og man kan vere med i trekninga av premie! Kven tek du med? 🤩
Konkurransealarm
Bli med på Under open himmel i mai og vinn flotte premiar! Alle som er med å markere under open himmel med å sove ute iløpet av mai får deltakarpremie og klubbane kan vinne klubbpremie! For å synleggjere 4H oppmodar vi deg til å kle deg i 4H-kle og finne på noko kjekt for å vise fram 4H. Ver ein stolt 4H-ar og del gjerne bilde eller film på sosiale media. Bruk #4hsfj #underopenhimmel #vier4h og tagg @sfj4h
Du kan sove under open himmel aleine, saman med familien eller med 4H-klubben og andre 4H-vener. Om du vil sove i skogen, på naturmøteplassen, i hengekøye eller rett på bakken bestemmer du sjølv. Vi oppmodar klubbar som har arrangement denne helga om å sende oss bilete og gjerne ein liten tekst om kva de har gjort.
Premie🏆
Klubb-kategori: Send inn bilde, ein kort tekst og liste over deltakerar til sfj@4h.no og ver med i konkurransen om flotte klubbpremiar og alle deltakera får premie!
Deltakarpremie: Om du ikkje deltek saman med klubben kan du likevel send inn bilde, navn og kva klubb du kjem frå til sfj@4h.no og motta deltakarpremie.
Vi oppmodar alle til å ta med ein venn som kan sjå kor kjekt vi har det i 4H! Dei får også premie 🤩Bare hugs å send inn navn
Legg gjerne ut bilete i sosiale media og bruk #4hsfj #underopenhimmel #vier4h og tagg @sfj4h
Vi gler oss til å sjå alt det kjekke de finn på under open himmel! 🦥
🍀Fristen er 02. juni.2026 🍀