Bli trivselsagent i 4H Sogn og Fjordane i 2026! 🌟 

Har du lyst til å vere med og spreie glede, samhald og god stemning i 4H Sogn og Fjordane? Då er trivselsagent-prosjektet midt i blinken for deg! Vi søkjer trivlege ungdommar frå Sogn og Fjordane i alderen 14-18 år som vil vere med og spreie trivsel og glede blant 4H-arar i fylket. 

Som trivselsagent får du lære korleis du kan bidra til trivsel og inkludering i klubben, på leir og arrangement. Du lærer om samarbeid, meistring og kommunikasjon, og du får nye vener for livet!

Kva får du som trivselsagent?

🍀Eit meiningsfullt 4H-prosjekt der du bidreg til trivsel i klubben og fylket 🙌
🍀Tre kjekke samlingar med overnatting, aktivitetar og sosialt samvær 👌
🍀Halv pris på  Fylkesleir 🫰
🍀Nye vener, gode opplevingar og læring du får bruk for både i og utanfor 4H 🫶

Samlingar og aktivitetar

Første samling: 23.-25. januar (Sogndal)
Andre samling: 14.-15. mars (Nattcup på Nordfjord)
Tredje samling: 11.-13. september (Storkurs i Sunnfjord)

Praktisk info

Pris: 2000,-
Aldersgrense: 14 år, 1 års senior. 
Påmelding: Opnar snart

Dersom det er behov for det er det mogleg å søkje 4H Sogn og Fjordane si inkluderingsstøtte for å få støtte til deltaking på trivselsagentprosjektet! 🫶 Link til støtteordninga 🍀

Kva er ein trivselsagent?  

Trivselsagentane si hovudoppgåve er å skape trivsel i 4H. Du lærer er korleis du kan vere eit godt førebilete for andre, og kva som er gode trivselstiltak. Samtidig blir du endå betre kjend med deg sjølv og andre.  

Det vil verte tre trivselsagentsamlingar saman med resten av trivselsagentane i fylket. Sosialt og kjekt, samstundes som ein knyt sterke band og djupe vennskap som varer livet ut. Mellom samlingane, og etterpå, er det lagt opp til at du skal arbeide med prosjektet i 4H-klubben din og på fylkesarrangement.  

  • Ein aktiv 4Har som er med å skape trivsel både i 4H-klubben og i 4H Sogn og Fjordane  

  • Du får utvikle deg sjølv saman med andre  

  • Du får ta del i kjekke samlingar og vere med å skape liv og samhald på fylkesarrangementa, som trivselagent vil du få halv pris på storkurset og fylkesleiren. 

  • Du kan ha trivselsagent som 4H-prosjekt.  

  • Som 1.-4.års senior har du moglegheita til å velje eit prosjekt der du får nye vener, lærer mykje om deg sjølv, lærer å arrangere leikar og aktivitetar for andre og rett og slett sprer masse hugleik til folket. Høyres dette kjekt ut så er dette prosjektet for deg!  

Bli med på eit spennande 4H-prosjekt der du får vere saman med andre kjekke 4H-arar, lære nyttige ting og verte ein endå betre 4H-ar.  
 

Har du noko spørsmål?

4H kontoret: Amalie Vie Jakobsgaard 
Tlf: 960 96 782 
Mail: amalie.jakobsgaard@4h.no  

Trivselsagentkoordinator: Inger-Margrethe Ellefsplass Sørland
Tlf: 901 69 339

OBS! Påmelding/avmelding må skje innan påmeldingsfristen er gått ut på mine sider. Påmeldinga er bindande, det betyr at du forpliktar deg til å delta, og at eventuell avmelding etter påmeldingsfristen er gått ut medfører kostnad. 

Med vennleg helsing årets trivselsagentkoordinatorar   
- Inger-Margrethe Ellefsplass Sørland og Isak Nordgulen