- Arrangør: SOFA
- Fjærland
- (heldags)

SOFA arrangerer julebord og årsmøte!
Årsmøte og julebord i Sogn og Fjordane Alumnklubb 2024
16.-17. november i Fjærland.
Innhald
Innformasjon
Program
Pris
Overnatting
Påmelding og avmelding
Kontakt
Saksliste til årsmøtet
Informasjon
16.november samlast vi på bygdehuset i Fjærland (Adr.: Supphellevegen 54) Her inviterer SOFA-styret alle alumnar og plakettmottakarar til å vere med på årsmøtet!
Sakslista ligg nederst på heimesida.
Etter årsmøtet blir det som vanleg arrangert SOFA julebord, som skal vere på same staden som årsmøtet. Årsmøtet er ope for alle alumnar og plakettmottakarar i Sogn og Fjordane, men også ope for alumnar som ikkje er frå Sogn og Fjordane!
Program:
12:30 - Oppmøte
13:00 - Årsmøtet startar
15:00 - Lunsj
18:00 - Julebordet startar
19:00 - Underhaldning
Vi kler oss opp i finklede og det vert servert julemiddag og dessert. Etter maten vert det litt selskapsleikar, musikk, dans og hygge.
Pris?
I prisen er mat på julebordet inkludert. Etter maten blir det ikkje servert noko drikke, så de må sjølv stå for drikke til kvelden.
Alumn: 275,-
Plakettmottakarar:100,-
Om du kun deltar på årsmøtet er dette gratis
Overnatting?
Det er muligheit å for å sove på bygdehuset dersom ein ønsker det, hugs da å ta med liggeunderlag og sovepose. Hugs å krysse av for overnatting når du melder deg på om du ynskjer dette.
Påmelding og avmeldings frist:
Fristen for å melde seg på er søndag 10.November. Påmelding er bindande.
Årsmøtet er ope for alle alumnar og plakettmottakarar i Sogn og Fjordane, men også ope for alumnar som ikkje er frå Sogn og Fjordane. Alumnar og plakettmottakarar frå Sogn og Fjorande har røysterett, mens alumnar og plakettmottakarar som ikkje kjem i frå Sogn og Fjorande har ikkje røysterett.
Kontakt
Har du spørsmål er det berre å kontakte sekretær i SOFA.
Med helsing
SOFA-styret ved
Maria Cecilie Nesheim Aardalsbakke
-sekretær
Mail: mariacecilieaa@gmail.com
Mob: 40317188
Saksliste
INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR SOFA
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sogn og Fjordane Alumnklubb, laurdag 16.november i bygdehuset i Fjærland.
Opning v/leiar Michal Niedzwiecki
Sak 01: Konstituering av årsmøte
Sak 01.1: Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 01.2: Val av ordstyrar
Sak 01.3: Val av to referentar
Sak 01.4: Val av to til å skrive under protokollen
Sak 01.5: Val av tre personar til teljekorps
Sak 01.6: Godkjenning av forretningsorden
Framlegg til vedtak: Årsmøtet godkjenner framlegget til forretningsorden
Framlegg til forretningsorden:
1. Samansetjing, tale framlegg- og røysterett
- Alle som er på møtet får talerett.
- Frammøtte medlemmer av SOFA, plakettmottakarar og alumnar frå 4H Sogn og Fjordane har framleggsrett og røysterett.
2. Taletid, replikkar
- Avgrensing av taletida kan innførast av årsmøtet etter framlegg frå ordstyrar eller årsmøtedeltakarar
- Ordstyrar har rett til å føreslå avgrensingar i taletid og høve til replikk, og setje strek.
- Den som ønskjer ordet, melder seg ved å vise éin finger for innlegg, to fingrar for replikk.
- Den som har bedd om ordet brukar talarstolen.
3. Om handsaming av saker
- Framlegg må leverast skriftleg til ordstyrar, underteikna med forslagsstillar sitt namn. Det er ikkje høve å ta opp noko nytt framlegg etter at det er sett strek.
- I protokollen vert ført framlegg, talar, avstemmingar og vedtak.
- Dersom det er mange framlegg i ei sak kan årsmøtet setje ned ei redaksjonsnemnd.
4. Reglar for avrøysting
- Dersom ikkje anna er sagt i vedtektene vert sakene avgjort med absolutt fleirtal (meir enn halvparten av røystene).
- Dersom der kjem fleire framlegg til ei sak, skal først benkeframlegga setjast opp mot kvarandre og stemmast over til ein sit att med eit framlegg. Dette framlegget vert sett opp mot det originale framlegget og votert over.
- Ordstyrar eller utsendingar kan krevje skriftleg røysting.
- Det skal vere skriftleg val på styreleiar. Ved andre personval skal det vere skriftleg dersom det er framlegg om meir enn ein kandidat.
- Alle med røysterett som forlet møtesalen under møtet, skal gi beskjed til ordstyrar slik at hen alltid har full oversikt over kor mange med røysterett som er til stades.
Sak 02: Årsmelding
Sak 03: Årsplan 2025
Sak 04: Rekneskap og budsjett
Sak 05: Val
Sak 05.1 Val av styre
Ved årsmøtet 18.11.23 vart følgjande styre valt:
Leiar: Michal N. (NY)
Nestleiar: Ingrid N. (IKKJE PÅ VAL)
Sekretær: Maria Cecilie N. A. (NY)
Kasserar: Jarand S. O. (NY)
Styremedlem: Ole K. E. S. (IKKJE PÅ VAL)
1. vara: Evi S. S. (NY)
2. vara: S. J. (NY)
3. vara: Iren Ø. (NY)
Nytt styre:
Leiar:
Nestleiar:
Sekretær: Maria C. N. A. (IKKJE PÅ VAL)
Kasserar: Jarand S. O. (IKKJE PÅ VAL)
Styremedlem:
1. vara:
2. vara:
3. vara:
Valnemnda har ikkje komme med instilling til nytt styre innen utsending av sakliste. Blir lagt ut fortløpande
Sak 05.2: Val av revisor:
Sak 05.3: Val av valkomité
Tidlegare valkomite:
Cathrine R.
Ingebjørg H.
Ny valkomite:
Ingebjørg H. (IKKJE PÅ VAL)
Ingen instilling på dei resterande plassane innan utsending av sakliste
Sak 06: Vedtektsendringar
Det er ikkje kome inn framlegg til vedtektsendringar innan fristen.
Sak 07 Innkomne saker.
Dersom du har nokre saker du vil ta opp, så må dette sendast inn til styret seinast 6.november.
Sak 08 Ymse
08.1: Endring av slagord
08.2: Klubbgensar