- Arrangør: SOFA
- Langeland
- (heldags)
22.-23. november er det årsmøte og julebord med SOFA!
Velkommen til årsmøte og julebord!
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sogn og Fjordane 4H Alumnklubb laurdag
22. november på Røde Kors-hytta på Langeland. SOFA-styret inviterer alle alumnar
og plakettmottakarar til å vere med på årsmøtet! Saklista finn du lenger nede på sida.
Årsmøte og Julebord
Årsmøtet startar kl. 13.00, med oppmøte frå kl. 12.30 og fram til årsmøtet
begynnar. Årsmøtet er ope for alle alumnar og plakettmottakarar i Sogn og Fjordane, og også for alumnar som ikkje kjem frå Sogn og Fjordane. Berre alumnar og plakettmottakarar frå Sogn og Fjordane har røysterett på årsmøtet.
Etter årsmøtet vert det som vanleg arrangert SOFA-julebord, som skal vere på same staden som årsmøtet. Julebordet startar kl. 18.00. Her kler vi oss opp i finklede, og det vert servert julemiddag og dessert, før det vert litt selskapsleikar og musikk. Etter middagen vert det dans og hygge. Det vert ikkje servert drikke til maten eller etterpå, så de må ta med drikke sjølve (brus, øl, cider eller det du føretrekkjer).
Pris
Under kan du sjå prisane for deltaking. I prisen er mat på julebordet inkludert.
Alumn: 250,-
Plakettmottakarar: 100,-
Det er moglegheit for overnatting dersom ein ønskjer det – hugs då å ta med laken, dyne- og putetrekk.
Fristen for å melde seg på er måndag 17. november.
Kontakt
Har du spørsmål er det berre å kontakte leiar i SOFA.
Med helsing
SOFA-styret ved
Maria Cecilie Nesheim Aardalsbakke
-Leiar
Mail: mariacecilieaa@gmail.com
Mob: 40317188
_______________________________________________________________
INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR SOFA
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sogn og Fjordane 4H Alumnklubb,
laurdag 22. november på Røde Kors-hytta på Langeland.
Opning v/leiar Maria Cecilie Nesheim Aardalsbakke
Saksliste
Sak 01: Konstituering av årsmøtet
-
Sak 01.1: Godkjenning av innkalling og sakliste
-
Sak 01.2: Val av ordstyrar
-
Sak 01.3: Val av to referentar
-
Sak 01.4: Val av to til å skrive under protokollen
-
Sak 01.5: Val av tre personar til teljekorps
-
Sak 01.6: Godkjenning av forretningsorden
Sak 02: Årsmelding
Sak 03: Årsplan 2025
Sak 04: Rekneskap og budsjett
Sak 05: Val
-
Sak 05.1: Val av styre
-
Sak 05.2: Val av revisor
-
Sak 05.3: Val av valkomité
Sak 06: Vedtektsendringar
Sak 07: Innkomne saker
Har du innspel?
Dersom du har saker du ønskjer å ta opp, må desse sendast inn til styret seinast 6. november.