Innkalling til fylkesårsmøte i 4H Sogn og Fjordane

 

4H Sogn og Fjordane kallar inn til fylkesårsmøte på Viksdalen skule, sundag 9. februar 2025.

4H-klubbane kan møte med 2 representantar med røysterett. I tillegg kan dei møte med observatørar.

Viser til normalvedtektene for 4H-klubbane, §5 Årsmøtet.

f. Val for eit år av:

- 2 representantar med vararepresentantar til årsmøtet for 4H i fylket.


Sakliste:

  1. Konstituering av fylkesårsmøte
    1. Opning og namneopprop
    2. Godkjenning av innkalling og sakliste (PDF, 218KB)
    3. Val av referent og teljekorps
    4. Val av to til å skrive under protokollen
    5. Godkjenning av forretningsorden
  2. Årsmelding 2024
  3. Rekneskap 2024
  4. Handlingsplan 2025/2026
  5. Årsplan 2025 og 2026
  6. Fastsetjing av refusjon og godtgjersle for fylkesstyret
  7. Revidering av budsjett for 2025
  8. Budsjett 2026 og 2027
  9. Årsmøteuttale
  10. Tilsetjing av revisor
  11. Val
    1. Ordførar og varaordførar
    2. Leiar og fylkesstyre
    3. Vararepresentantar til fylkesstyret
    4. Valnemnd

Avslutning

 

Praktisk informasjon:


Registrering og oppmøte til årsmøtet er frå kl. 09:15. Årsmøtet startar kl. 10:00 og vil verte ferdig ca. kl. 15:00. Det vert lunsj på skulen under møtet.

I førekant av årsmøtet er det SUPERHELG i 4H med styrekurs for medlemmar i klubbstyra. Årsmøtet er ein del av den demokratiske opplæringa under styrekurset og er obligatorisk for alle deltakarane.

Registrering til årsmøtet må de gjere klubbvis ved åtkomst.

Det er òg mogleg å møte berre på årsmøtet for representantar frå 4H-klubbane.

Pris: kr 500,-

Dei som er påmeldt styrevervkurset er automatisk påmeldt på årsmøte.


Faktura blir sendt til klubbane, som òg betalar reisekostnader.

 

Påmelding:

Påmelding via link: Årsmøte i 4H Sogn og Fjordane

Du kan òg melde deg på via «Min side» (oppe i høgre hjørnet) på heimesida 4H Sogn og Fjordane. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord, eventuelle allergiar, sjukdomar eller liknande. Årsmøtepapira vert lagt ut på nettsida til arrangementet. Same link som påmelding: Årsmøte i 4H Sogn og Fjordane

Når du melder deg på er det fint du legg inn 4H-klubben din som "annen betaler"

Påmelding

Merk, påmelding Superhelg: Hugs å melde deg på rett kurs! Du som skal på styrekurs melder deg på «Superhelg 2025 – styrevervkurs og årsmøte» og det delkurset du skal delta på (leiar/nestleiar, sekretær, kasserar, ny i klubbstyret, friluftsliv eller trivselskurs)

Du er automatisk påmeldt fylkesårsmøtet om du ikkje gir melding om noko anna.

Her er ein direkte link til påmelding: Superhelg 2025 – styrevervkurs og årsmøte

Påmelding for medlemsorganisasjonar og andre som vil delta på årsmøtet: Send mail til sfj@4h.no . Pris for deltaking er kr 500,-. Det vert fakturert frå 4H Sogn og Fjordane.

Påmeldingsfristen er 19. januar

Førebu deg og les sakspapira i førekant på nettsida: Årsmøte i 4H Sogn og Fjordane

Sakspapira vert lagt ut fortløpande og alt vil ligge ute seinast 3 veker før årsmøte. Sakspapir og vedtekter til 4H Sogn og Fjordane kan du fint laste ned og lagre eller skrive ut i førekant.

Vel møtt!