- Pris: Kr 400,-
- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane
- Nordfjordeid
- (heldags)

Innkalling til fylkesårsmøte i 4H Sogn og Fjordane
4H Sogn og Fjordane kallar inn til fylkesårsmøte på Nordfjord Hotel, sundag 11. februar 2024.
4H-klubbane kan møte med 2 representantar med røysterett. I tillegg kan dei møte med observatørar.
Viser til normalvedtektene for 4H-klubbane, §5 Årsmøtet.
f. Val for eit år av:
- 2 representantar med vararepresentantar til årsmøtet for 4H i fylket.
Sakliste:
- Konstituering av fylkesårsmøte
- Opning og namneopprop
- Godkjenning av innkalling og sakliste (PDF, 217KB)
- Val av referent og teljekorps
- Val av to til å skrive under protokollen
- Godkjenning av forretningsorden (PDF, 33KB)
- Årsmelding 2023
- Rekneskap 2023
- Årsplan 2024 (PDF, 63KB) og 2025 (PDF, 63KB)
- Fastsetjing av refusjon og godtgjersle for fylkesstyret
- Revidering av budsjett for 2024
- Budsjett 2025 og 2026
- Vedtektsendringar
- Årsmøteuttale
- Tilsetjing av revisor
- Val
- Ordførar og varaordførar
- Leiar og fylkesstyre
- Vararepresentantar til fylkesstyret
- Valnemnd
- Delegatar m/vara til Landsmøtet
Avslutning
Praktisk informasjon:
Registrering og oppmøte til årsmøtet er frå kl. 09:15. Årsmøtet startar kl. 10:00 og vil verte ferdig ca. kl. 15:00. Det bli lunsj på hotellet under møtet.
I førekant av årsmøtet er det SUPERHELG i 4H med styrekurs for medlemmar i klubbstyra. Årsmøtet er ein del av den demokratiske opplæringa under styrekurset og er obligatorisk for alle deltakarane.
Registrering til årsmøtet må de gjere klubbvis ved åtkomst.
Det er òg mogleg å møte berre på årsmøtet for representantar frå 4H-klubbane.
Pris:
Styrekurset er i år GRATIS for klubbstyra!
Klubben betalar kr 400 per deltakar for årsmøtet.
Faktura blir sendt til klubbane, som òg betalar reisekostnader.
Påmelding:
Påmelding via link lenger oppe.
Du kan òg melde deg på via «Min side» (oppe i høgre hjørnet) på heimesida 4H Sogn og Fjordane - 4h Legg inn medlemsnummeret ditt og passord, eventuelle allergiar, sjukdomar eller liknande. Årsmøtepapira vert sendt ut på e-post.
Merk, påmelding Superhelg: Hugs å melde deg på rett kurs! Du som skal på styrekurs melder deg på «Superhelg = styrekurs og årsmøte» og det delkurset du skal delta på (leiar/nestleiar, sekretær, kasserar, ny i klubbstyret, friluftsliv eller trivselskurs)
Du er automatisk påmeldt fylkesårsmøtet om du ikkje gir melding om noko anna.
Her er ein direkte link til påmelding: Superhelg 2024!
Påmelding for medlemsorganisasjonar og andre som vil delta på årsmøtet: Send mail til sfj@4h.no . Pris for deltaking er kr 400,-. Det vert fakturert frå 4H Sogn og Fjordane.
Påmeldingsfristen er 21. januar
Sakspapira vert sendt til dei påmelde deltakarane 2 veker før årsmøtet. Sakspapira og vedtektene til 4H Sogn og Fjordane kan du òg laste ned frå nettsaka om fylkesårsmøtet
Vel møtt!