Desse blir kalla inn: 

4H-klubbane 
Medlemsorganisasjonane  
4H-fylkesstyret 
SOFA, Sogn og Fjordane 4H-alumnklubb
4H-gardane i fylket 
Valnemnda

 

Innkalling til fylkesårsmøte i 4H Sogn og Fjordane 

4H Sogn og Fjordane kallar inn til fylkesårsmøte på Hafslo barne- og ungdomsskule, sundag 12. februar 2023. 

4H-klubbane kan møte med 2 representantar med røysterett. I tillegg kan dei møte med observatørar. 

Viser til normalvedtektene for 4H-klubbane, §5 Årsmøtet. 
f. Val for eitt år av:  
- 2 representantar med vararepresentantar til årsmøtet for 4H i fylket.  

Sakliste

  1. Opning
  2. Namneopprop
  3. Godkjenning av innkalling og sakliste (PDF, 1MB)
  4. Val av referent og teljekorps
  5. Val av to til å skrive under protokollen
  6. Godkjenning av forretningsorden (PDF, 33KB)
  7. Årsmelding 2022 (PDF, 2MB)
  8. Rekneskap 2022 (PDF, 3MB) (og melding frå revisor)
  9. Handlingsplan 2023/2024 (PDF, 152KB)
  10. Gruppearbeid
  11. Årsplan 2023 (PDF, 64KB) og 2024 (PDF, 63KB)
  12. Fastsetjing av refusjon og godtgjerdsle for fylkesstyret
  13. Revidering av budsjett for 2023 (PDF, 1MB)
  14. Budsjett 2024 og 2025 (PDF, 1MB)
  15. Vedtektsendringar
  16. Årsmøteuttale
  17. Tilsetjing av revisor
  18. Val 
    A. Ordførar og varaordførar
    B. Leiar og fylkesstyre
    C. Vararepresentantar til fylkesstyre
    D. Valnemnd
  19. Avslutning

Praktisk informasjon

Registrering og oppmøte til årsmøtet er frå kl. 09:15. Årsmøtet startar kl. 10:00 og vil verte ferdig ca. kl. 15:00. Det bli lunsj på Eikum hotell under møtet.

I førekant av årsmøtet er det SUPERHELG i 4H med styrekurs for medlemmar i klubbstyra. Årsmøtet er ein del av den demokratiske opplæringa under styrekurset og er obligatorisk for alle deltakarane.

Registrering til årsmøtet må de gjere klubbvis ved åtkomst. Det er òg mogleg å møte berre på årsmøtet for representantar frå 4H-klubbane.

Pris:

Kr 900,- for styrekurs og årsmøte
Kr 350,- for berre årsmøte Faktura blir sendt til klubbane, som òg betalar reisekostnader.

Påmelding

Påmelding via link: Fylkesårsmøte i 4H Sogn og Fjordane - 4h

1. Dersom du er medlem og berre skal delta på årsmøte, melder du deg på i denne artikkelen (sjå grøn knapp over). 

2. Dersom du ikkje er medlem, men ønskjer å delta på årsmøtet, skriv du dette i ein epost til sfj@4h.no. 

3. Dersom du er medlem og er påmeldt SUPERHELG, er du automatisk påmeldt årsmøtet. 
Merk, påmelding Superhelg: Hugs å melde deg på rett kurs! Du som skal på styrekurs melder deg på «Superhelg = styrekurs og årsmøte» og det delkurset du skal delta på (leiar/nestleiar, sekretær, kasserar, ny i klubbstyret, friluftsliv, trivselskurs eller kaffikurs)

Påmeldingsfristen er 20. januar

 

Sakspapir

Sakspapira vert sendt til dei påmelde deltakarane 2 veker før årsmøtet. Sakspapira og vedtektene til 4H Sogn og Fjordane kan du òg laste ned frå nettsaka om fylkesårsmøtet

 

Vel møtt!

Med helsing

Dianne Eikås Eirik Hortemo Vikøren

Ordførar i fylkesårsmøtet Leiar

 

Medlemsorganisasjonane i 4H er:

Det Norske Skogselskap

Norges Bondelag

Norges Bygdekvinnelag

Norges Jeger- og Fiskerforbund

Norges Skogeierforbund

Norsk Bonde- og Småbrukarlag

1 representant frå fylkesleddet i kvar medlemsorganisasjon til 4H Norge møter i Fylkesårsmøtet (§ 2 i vedtektene), utan røysterett.