Sunnfjord: Naustdal. Vi blir med Nausta 4H til Lunden barnehage. Tidspunkt 13:00 - 17:00

Adresse: Jobakkevegen 1. Ein svinger av frå hovudvegen til Jobakkevegen. Barnehagen ligg då på høgre side - enkelt å finne ;)

Nordfjord: Sandane. Kløveren 4H inviterer oss til Naturmøteplassen sin på Rygg. Tidspukt: 11:00 - 15:00

10 min frå Sandane sentrum, retning Hyen. 
Parkering ved Rygg Barnehage/samfunnshuset Runnevang. Naturmøteplassen er ved ei raud bud på sjøsida, med ei sandvolleyballbane på same område.

 

Sogn: Hafslo. Hafslovatnet 4H tek oss med til grillhytta på skulen. Tidspunkt 13:00 - 17:00

Adresse: Hafslovegen 192. Køyr gjennom Hafslo sentrum, og så er det første avkjørsel til venstre. Der kjem ein til ein parkeringsplass og fotballbane, og så ligg grillhytta nede ved vatnet.

 

4H Sogn og Fjordane har bursdag i år og det vil vi feire saman med dykk på 4H-treffet.

Hadde det ikkje vore kjekt å møte igjen alle dei kjekke folka du møtte på leir i år?

Eller nokon du vart kjend med på storkurs i fjor? 

4H-treffet er:

  • Gratis
  • Alle kan vere med
  • Bursdagsfeiring
  • God bålmat
  • Leik
  • Moro

Få med deg ein 4H-ven og meld deg på! 

Tenk, dess fleire, dess større bursdagsfest vert det Fest

Og det er jo heilt GRATIS å vere med!

Det vert bålpannemat og mykje leik og moro med fylkesstyret!