- Pris: Kr 0,-
- Arrangør: Fjordljos 4H og 4H Sogn og Fjordane
- Vetlefjorden, Sogn
- (heldags)
Aktivitet
4H treffet for alle 4H-klubbane i Sogn og Sunnfjord vert i år hos Fjordljos 4H i Vetlefjorden. Sett av dagen 29. august så kjem det meir informasjon etter kvart.
Foreløpig kan vi røpe at det vil starte 12:00 og avslutte i 16-tida.
Det er GRATIS å delta.
Fjordljos 4H vil finne på mange kjekke aktivitetar og det vert samling ved Grendahuset.
Det er Landbrukets år i år så det vert gardsbesøk og så heldige vi er har dei 2 gardar like ved som har mange fine dyr vi kan helse på.
4H er 90 år i år så dette må feirast. Kanskje bursdagskake i år òg?
I tillegg får vi besøk av statssekretær Anette Stegegjerdet Norberg i Landbruks og matdepartementet.
Dette vert stas!
Er det nokon av dykk vaksne som ikkje har medlemsnummer i 4H? Fortvil ikkje, enten kan du melde deg på ved å sende mail til sfj@4h.no eller be ein av dykkar 4H-medlemar skrive dette i kommentar-feltet ved påmelding.