Foreløpig kan vi røpe at det vil starte 12:00 og avslutte i 16-tida.

Det er GRATIS å delta.

Fjordljos 4H vil finne på mange kjekke aktivitetar og det vert samling ved Grendahuset.

Det er Landbrukets år i år så det vert gardsbesøk og så heldige vi er har dei 2 gardar like ved som har mange fine dyr vi kan helse på.

4H er 90 år i år så dette må feirast. Kanskje bursdagskake i år òg? 

I tillegg får vi besøk av statssekretær Anette Stegegjerdet Norberg i Landbruks og matdepartementet. 

Dette vert stas!

Er det nokon av dykk vaksne som ikkje har medlemsnummer i 4H? Fortvil ikkje, enten kan du melde deg på ved å sende mail til sfj@4h.no eller be ein av dykkar 4H-medlemar skrive dette i kommentar-feltet ved påmelding.