Velkomen til storkurs! 

I tillegg til kursa blir det aktivitetar som bli-kjent program, underhaldning, leikar og musikk.  

Kurset skal vere på Vassenden skule og hallen.  
Vassenden er omringa av inspirerande natur, og er heimen til to av noregs mest kjende kunstnarar, Nikolai Astrup og Ludvig Eikås. Området rommar uteområde med moglegheit for mange aktivitetar utan om sjølve kursa. Her kan vi nemne bading i Jølstravatnet, kunstgrasbane og handballbane. I tillegg har vi hallen der det vert lagt til rette for Volleyball spel! 
 

Du som fyller 12 år i år eller eldre kan vere med. I år legger vi også til rette for at aspirantar og kløvermedlem kan ta turen innom på søndag for å vere med dei siste timane!

Årets aktivitetar

 

Oversikt
Kva?Kor mange?Korleis?
Trivselsagent kurs25 * 2Trivselsagentkurset er for deg som kanskje har lyst å bli ein Trivselsagent ein gong, men ikkje veit kva det betyr å vere ei Trivselsagent. Årets Trivselsagentar skal vise og fortelle kva ein Trivselsagent er. Som deltakar skal du få lære nye leikar eller friske opp leikebanken som du kan ta med tilbake til klubben din. Du får testa evna di til å samarbeide ilag som eit team bestående av ein stum, ein døv og ein blind deltakar. Høyrest dette spennande og kjekt, så er Trivselskurset rette kurset for deg!
Spikkekurs10 * 2Ser du potensial og likar å utforme ting? I dette kurset lærer du å bruke kniven som reidskap. Med hjelp frå Leiv Sølvberg vil du lære deg gode teknikkar og uttrykk.
Paintball16(Eigenandel) (Kun formiddag) Dersom du er over 14 år og likar acction, kan paintball vere noko for deg! Er du under 18 år, kan du med underskrift frå foresatte vere med når malingskulene flyg over haudet på deg. Jølster rafting stiller med nødvendig utstyr så du kan overleve motstandaren! Ta med sko som passar i skogterreng og tåler fukt. Tips: Ikkje gå i finstasen. Jølster rafting tilbyr unisex eingongskjeledress til 60,-
Hesteaktivitetar10 * 2Er du glad i dyr? Likar du hest? Bli med på Mo og møt hestane.
Fjøs med stell av dyr10 * 2Er du ein dyreelskar? Kom å møt dyra på Mo!
Volleyball16 * 2Formiddag: Ynskjer du å lære å spille Volleyball? På kurs med Magnus lærer du det grunnleggjande. Her får du gode tips og triks til gode teknikkar. Ettermiddag: Øvelse gjer meister, og på dette kurset kan du bli endå betre til Volleyball. Ved hjelp av Magnus får du veiledning og råd til teknikkane som gjev det lille ekstra!
Formgjeving6 * 2Elskar du å vere kreativ? Har du lyst å komme heim med noko sjølvprodusert? Med hjelp frå den kunnskapsrike og dyktige formgjevingsfag læraren Karoline og hennas gode assistent Krstine kan vi garantere eit godt resultat!
Fisking15 * 2Likar du jakt og fiske? Bli med Jølster jeger og fiskeforening å trekke garn, sløye fisk og røkte kråkefeller. Dagens fangst blir lunsj på bålet i gapahuken. Alle må ha gode uteklede og fjellsko/støvlar.
LinedanceHar du makk i rompa? Eller treng du inspirasjon til noko som kan slå an på Tik Tok? Bli med på Linedance kurs!
SOME12*2Heidi tek styringa og lærer deg nye ting i SOME
Mat på Bål10*2Bli med ut i den friske lufta og lag god mat på bål saman med Alumn representanten Maria Cecilie!
Slakting5(Kun formiddag!) Bli med ein tur i Svidalen og bli med på slakting saman med Jølster Jeger og Fiskeforening. Er du heldig så blir det også vomming!
Lærekjøring i traktor5(Kun ettermiddag!) Bli med på Mo og lærekjør traktor! Her må man vere fylt 15 år.

Kanskje flettar vi inn eit kurs eller to til! I høve aktivitetane er det førstemann til mølle! 🚜🍀


Lurt å ta med:  

  • Sovepose og liggjeunderlag  
  • Toalettsaker (tannbørste, tannkrem og håndkle til evt. dusj) 
  • Personleg utstyr som eventuelt medisin 
  • Innesko  
  • Skiftekle og kle etter været (Gjerne varm jakke til bruk om kveldane) 
  • Drikkeflaske og matboks 
  • Lader til mobil (om du har)
  • Liten sekk 
  • Lommepengar eller vipps
  • Sko og kle til aktivitetar

 

Program: 

Fredag 11. september 

17:00 Frammøte og innkvartering 

18:00 Offisiell opning av storkurset 

19:00 - 20:00 Middag i Gjesthalla 

20:00 - 21:00 Bli kjent  

22:30 - 23:00 Vaksenleiarsamling 

21:30 - 24:00 Leik og moro utan eit organisert opplegg 

24:00 Ro 

 

Laurdag 12. september 

07:30 Felles vekking 

08:00 - 09:00 Frukost i Gjesthalla 

09:00 - 12:30 Kurs 

12:30 - 14:00 Lunsj i Gjesthalla

14:00 - 17:30 Kurs 

17:30 - 19:00 Fri / planlegge eventuell underhaldning. 

19:00 - 20:00 Middag i Gjesthalla 

20:00 - Underhaldning, leikar, konkurransar og sosialt 

22:00 - Volleyballturnering

01:30 Ro 
 

Søndag 13. september 

08:00 Felles vekking 

08:00 - 09:00 Frukost i Gjesthalla 

09:30-10:00 Rydding og pakking 

ASPIRANTANE KJEM!

10:00-12:00 Felles aktivitet 

12:30-13:30 Lunsj i Gjesthalla og heimreise 

 

Kursreglar  

Når vi er mange saman i fleire dagar må vi ha nokre reglar å rette oss etter, slik at alle kan ha det så bra som mogleg.  
 
1. Ver ein god kamerat og vis alltid omsyn til andre.  

2. Det er ikkje lov å forlate kursstaden utan løyve frå vaksenleiar.  

3. Etter at det skal vere ro på sovesalane er det berre lov å opphalde seg på tilvist stad.  

4. Ver presis til kursøktene og hald orden i tinga dine. Andre sine ting let vi liggje i fred. Det gjeld sjølvsagt også skulen sine ting.  

5. All bruk av rusmiddel er sjølvsagt forbode, og vil medføre heimsending på eiga rekning.  

 

Påmelding, avmelding og pris  

Påmeldingsfristen er 20.08.26. På ein del kurs er det avgrensa plassar, desse fell vekk frå påmeldinga når dei er fulle.   

Påmeldinga opnar SNART.  

Avmelding må skje før 20.08.26.  
 
PS: Påmelding er bindande. Dette betyr at dersom ein må melde seg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over, må ein likevel betale deltakaravgift. Det er ikkje mogleg å gje plassen sin til nokon andre dersom ein ikkje kan møte sjølv. Dersom ein blir sjuk må ein likevel betale deltakaravgift, men få att pengane via reiseforsikringa si. 
 
Meir informasjon om kurset vert sendt på e-post til deg som er påmeldt seinast fredag 6. september.  

Storkurset kostar:  

Deltakar kr 900,- 
Voksenleiar kr 0,-  
 
 

Spørsmål og svar 

Kva er storkurs?  

Storkurset er ei samling av mange artige, spennande og lærerike kurs, og ein stad for å ver sosial. 

Kva er aldersgrensa?  

Storkurset er for alle 4H-medlemmer som fyller 12 år eller meir i 2026.  

Kvar skal vi vere?  

Storkurset skal vere på Vassenden. Nokre av kursa skal vere på skulen, andre utanfor skulen.  

Kvar skal vi overnatte?  

Vi skal overnatte i klasserom på Vassenden skule. Det betyr at alle må ha med sovepose og liggjeunderlag. Sidan vi skal sove mange på same rom betyr det at vi må ta omsyn, slik at alle får sove.  

Får vi mat?  

Blåklokka 4H lagar og serverar god mat på skulen. Dei faste måltida er med i prisen på kurset, medan kioskvarer kjem utanom. Dersom du ikkje toler spesielle matvarer, må du melde frå om dette ved påmelding til kurset.  

Må vi ha med vaksne?  

Storkurset er eit stort arrangement med mange deltakarar. For å sikre god kontakt mellom deltakarane og dei kursansvarlege må det vere med ein vaksen leiar pr 10 deltakarar. Klubbar kan samarbeide om leiar. 

 
4H Sogn og Fjordane og Blåklokka 4H ynskjer alle velkomne til haustkos og storkurs!