- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane og Blåklokka 4H
- (heldags)

Årets Storkurs blir tradisjonen tru på Vassenden!
Velkomen til storkurs!
I tillegg til kursa blir det aktivitetar som bli-kjent program, underhaldning, leikar og musikk.
Kurset skal vere på Vassenden skule og hallen.
Vassenden er omringa av inspirerande natur, og er heimen til to av noregs mest kjende kunstnarar, Nikolai Astrup og Ludvig Eikås. Området rommar uteområde med moglegheit for mange aktivitetar utan om sjølve kursa. Her kan vi nemne bading i Jølstravatnet, kunstgrasbane og handballbane. I tillegg har vi hallen der det vert lagt til rette for Volleyball spel!
Du som fyller 12 år i år eller eldre kan vere med.
Årets aktivitetar
OBS! Velger du det samme kurset på for- og ettermiddag risikerar du å bli flytta over på eit anna kurs.
Kva? | Kor mange? | Korleis? |
---|---|---|
Bueskyting | 10*2 | Lær å skyte med pil og boge under kyndig ledelse av instruktører fra Førde Bogeskytarklubb! |
Kreativit kurs | 10 * 2 | Lær å lage flotte kort sammen med flinke Trine. Vil du utfordre kreativiteten din med å lage flotte kort så er dette kurset for deg ! Du vil lære å lage fine og unike kort som du kan gje vekk til familie og vener eller kanskje lage deg bilete av som du kan henge på rommet ditt ? Ta med deg saks og linjal, resten får du utdelt på kurset. |
Paintball (Eigenandel 300,-) | Dersom du er over 15 år og likar acction, kan paintball vere noko for deg! Er du under 18 år, kan du med underskrift frå foresatte vere med når malingskulene flyg over haudet på deg. Jølster rafting stiller med nødvendig utstyr så du kan overleve motstandaren! Ta med sko som passar i skogterreng og tåler fukt. Tips: Ikkje gå i finstasen. Jølster rafting tilbyr unisex eingongskjeledress til 60,- | |
Matlaging m/bygdekvinnelaget | 10 * 2 | Likar du tradisjonell norsk mat? Kva med å lære kunsten med å lage svele og natronkaker! Årdal og Helgheim bygdekvinnelag held kurs i hellebakst. |
Golf (Eigenandel 350,-) | 14*2 | Vil du lære å slå ein golfball like godt som Viktor Hovland, som er rekna for å vere Noregs beste golfspelar sidan Tutta ? Då er dette plassen å starte! I kurset vil du få grunnleggjande praktisk og teknisk opplæring av golfsvingen og informasjon om dei mange ulike delane av golfspelet. |
Volleyball | 14 formiddag - 18 ettermiddag | Formiddag: Ynskjer du å lære å spille Volleyball? På kurs med Nina lærer du det grunnleggjande. Her får du gode tips og triks til gode teknikkar. Ettermiddag: Øvelse gjer meister, og på dette kurset kan du bli endå betre til Volleyball. Ved hjelp av Nina får du veiledning og råd til teknikkane som gjev det lille ekstra! OBS! Melder du deg på både intro kurs og vidarekommen må du regne med å bli flytta over til eit anna kurs! |
Overlevelse | 8 * 2 | Har du lyst til å lære korleis du kan klare deg ute i naturen? På dette kurset lærer du førstehjelp, praktiske ferdigheiter og smarte tips for å overleve om noko uventa skjer. Tale og Michal tar deg med ut i naturen og lærer deg det grunnleggande! |
Fisking | 15 * 2 | Likar du jakt og fiske? Bli med Jølster jeger og fiskeforening å trekke garn, sløye fisk og røkte kråkefeller. Dagens fangst blir lunsj på bålet i gapahuken. Alle må ha gode uteklede og fjellsko/støvlar. |
Gårdsbesøk på Mo | 20*2 | Dette passar for deg som er glad i dyr og lurer på korleis dei lever på ein gard, då kan du melde deg på gardsbesøk på Mo Jordbruksskule. Det vert omvising på garden, stell og foring av ulike husdy. Ein spanande dag med mange kjekke aktivitetar! |
Batikk | 30*2 | Design din egen t-skjorte med hjelp av strikk og tråd og flotte batikkfarger. Denne t-skjorten blir garantert unik! |
Dans | 12*2 | Lag ein koreografi saman med instruktørar frå Dans Utan Grenser! De vil og få moglegheita til å lære fleire ulike dansesteg som man kan bruke i seinare høve. Ta med klede/sko til å danse i og gjerne ei drikkeflaske. |
Fotografering (Eigenandel 200,-) | 12 | Lær å ta flotte bilder med mobilen og/eller digitalt kamera hvis du har. Noko teori blir det nok, men her skal du få lov å prøve mykje sjølv med god veiledning frå Roger Andre som er ein dyktig fotograf. OBS! Kun ettermiddagskurs! |
Lurt å ta med:
- Sovepose og liggjeunderlag
- Toalettsaker - Innesko
- Drikkeflaske – matboks
- Liten sekk
- Lommepengar
- Sko og kle til aktivitetar
Program:
Fredag 12. september
17:00 Frammøte og innkvartering
18:00 Offisiell opning av storkurset
19:00 Middag i Gjesthalla
20:00 - 21:00 Obligatorisk Bli kjent
21:30 - 00:00 Sosialt
21:30 - 22:00 Vaksenleiarsamling
00:00 Ro i sovesal
00:30 Ro over alt
Laurdag 13. september
07:30 Felles vekking
08:00 - 08:45 Frukost i Gjesthalla
08:45 - 09:00 Morgensamling i Gjesthalla
09:00 - 12:15 Første kursøkt
12:30 - 13:45 Lunsj i Gjesthalla
13:30 - 13:45: Lunsjsamling i Gjesthalla
13:45 Avreise til kurs
14:00 - 17:15 Andre kursøkt
17:30 - 19:00 Sosialt
(18:00 Påmeldingsfrist volleyball turnering)
19:00 - 20:00 Middag i Gjesthalla
20:00 - 20:30 Underhaldning
20:30 - 22:00 Sosialt
22:00 - Volleyballturnering
00:00 Ro i sovesal
Søndag 14. september
08:30 Felles vekking
08:30 - 09:30 Frukost i Gjesthalla
09:30-10:30 Rydding og pakking
10:30-12:30 Felles aktivitet
12:30-13:30 Lunsj i Gjesthalla, premieutdeling og heimreise
Kursreglar
Når vi er mange saman i fleire dagar må vi ha nokre reglar å rette oss etter, slik at alle kan ha det så bra som mogleg.
1. Ver ein god kamerat og vis alltid omsyn til andre.
2. Det er ikkje lov å forlate kursstaden utan løyve frå vaksenleiar.
3. Etter at det skal vere ro på sovesalane er det berre lov å opphalde seg på tilvist stad.
4. Ver presis til kursøktene og hald orden i tinga dine. Andre sine ting let vi liggje i fred. Det gjeld sjølvsagt også skulen sine ting.
5. All bruk av rusmiddel er sjølvsagt forbode, og vil medføre heimsending på eiga rekning.
6. Energidrikk er no-go. 🙅
Påmelding, avmelding og pris
Påmeldingsfristen er 20. august. På ein del kurs er det avgrensa plassar, desse fell vekk frå påmeldinga når dei er fulle. Påmelding gjer du på 4H Sogn og Fjordane. Og påmeldinga er bindande (Bindande påmelding betyr att du må betale sjølv om du ikkje kjem.).
Påmeldinga opnar 21. juli.
Avmelding må skje før 20. august.
PS: Påmelding er bindande. Dette betyr at dersom ein må melde seg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over, må ein likevel betale deltakaravgift. Det er ikkje mogleg å gje plassen sin til nokon andre dersom ein ikkje kan møte sjølv. Dersom ein blir sjuk må ein likevel betale deltakaravgift, men få att pengane via reiseforsikringa si.
Meir informasjon om kurset vert sendt på e-post til deg som er påmeldt seinast torsdag 4. september.
Storkurset kostar:
Deltakar kr 900,-
Voksenleiar kr 0,-
Spørsmål og svar
Kva er storkurs?
Storkurset er ei samling av mange artige, spennande og lærerike kurs, og ein stad for å ver sosial.
Kva er aldersgrensa?
Storkurset er for alle 4H-medlemmer som fyller 12 år eller meir i 2024.
Kvar skal vi vere?
Storkurset skal vere på Vassenden. Nokre av kursa skal vere på skulen, andre utanfor skulen.
Kvar skal vi overnatte?
Vi skal overnatte i klasserom på Vassenden skule. Det betyr at alle må ha med sovepose og liggjeunderlag. Sidan vi skal sove mange på same rom betyr det at vi må ta omsyn, slik at alle får sove.
Får vi mat?
Blåklokka 4H lagar og serverar god mat i Gjesthalla som ligg rett ved sidan av skulen. Dei faste måltida er med i prisen på kurset, medan kioskvarer kjem utanom. Dersom du ikkje toler spesielle matvarer, må du melde frå om dette ved påmelding til kurset.
Må vi ha med vaksne?
Storkurset er eit stort arrangement med mange deltakarar. For å sikre god kontakt mellom deltakarane og dei kursansvarlege må det vere med ein vaksen leiar pr 10 deltakarar. Klubbar kan samarbeide om leiar.
4H Sogn og Fjordane og Blåklokka 4H ynskjer alle velkomne til haustkos og storkurs!