- Arrangør:
- (heldags)

Informasjon om fellesreise, felleskostnadar og leiropphald 🍀
ALLE som skal på leir frå 4H Sogn og Fjordane MÅ melde seg på her, også om du ordnar skyss sjølv. Minimumsprisen er på 500,-. Dette fordi alle må vere med å betale for frakt av fellesutstyr, administrasjon og leiar.
Plassane er "Førstemann til mølla" for medlemmar i 4H Sogn og Fjordane. Er det fullt må du ordne reisa sjølv - så her er det viktig å vere tidleg ute.
Reiserute
Planen er at fellestransporten kjøyre innom Nordfjordeid, Førde, Skei, Sogndal, Oslo og Strömma i Sverige. Bussen kjøyrer frå Sogn og Fjordane fredag d. 18.07.25. Retur frå Strömma blir laurdag 26.07.
TIL leir, fredag18.07:
Nordfjordeid - kl. 21:45
Førde - kl. 22:20
Skei - kl. 23:10
Sogndal - kl. 00:00
Strömma - kl. 12:00
FRÅ leir, laurdag 26.07:
Strömma - kl. 08:30
Sogndal - kl. 22:00
Skei - kl. 22:50
Førde - kl. 23:30
Nordfjordeid - kl. 00:15
Du vel sjølv kva stopp du ynskjer å gå på bussen, og kryssar av for det i påmeldinga.
Pris:
Vi har satt maksprisen til 2500 kr
Tur/retur: 2500,-
Èin veg: 1300,-
Felleskostnad utan fellestransport: 500,-
Voksenleiar: 0,-
Fakturaen blir sendt ut etter påmeldingsfristen, og må vere betalt innan satt frist for å sikre seg plassen.
Velg eit av desse alternativa ved påmelding:
Deltakar tur/retur-inkludert felleskostnad : Dette for dei som ynskjer å vere med på bussen begge vegar.
Deltakar TIL: Dette for dei som kun ynskjer å vere med bussen TIL Nordisk Leir
Deltakar FRÅ: Dette for dei som kun ynskjer å vere med bussen FRÅ Nordisk Leir
Felleskostnadar: Dette for dei som ordnar transport sjølve.
Økonomi skal ikkje vere ei hindring for å delta på leir i 4H. Treng du, eller nokon i klubben støtte til å vere med på leir/til transport kan du lese meir og søke støtte her: Deltakarstøtte - 4H SFJ eller Deltakarstøtte - 4H Norge
Kontaktinformasjon
Ved spørsmål ta kontakt med organisasjonsrådgjevar, Amalie Vie Jakobsgaard.
E-post: amalie.jakobsgaard@4h.no eller tlf. 960 96 782
OBS: Endringar kan komme