Årets Nattvolleyballcup vert arrangert i Eidahallen på Nordfjordeid  laurdag 14.-søndag 15. mars.
Invitasjonen går ut til medlemmane i alle 4H-klubbar i Sogn og Fjordane. 
Eid 4H-nemnd står som praktisk arrangør for nattcupen. Vi vil at Nattcupen skal bli eit kjekt arrangement der ungdom frå heile Sogn og Fjordane kan ha det kjekt i lag i ein venskapeleg kappestrid i volleyball!

TID OG STAD

Nattvolleballcupen vert arrangert i Eidahallen på Nordfjordeid. Du finn denne ved sidan av Eid barneskule. Nattcupen startar klokka 18.00 laurdag 14. mars og vert avslutta ca klokka 01.00-01.30 søndag 15. mars. Etter turneringa er over er planen at flest mogeleg reiser heim. Vi legg opp til at folk frå frå Gloppen, Jølster osv kan nå 02-ferja Lote-Anda. For dei som av ulike grunnar ikkje kan reise heim om natta, har vi eit enkelt overnattingstilbod i Eidahallen etter turneringa.

LAG OG TURNERINGA

Kvart lag skal vere samansett av spelarar i alderen 12-18 år. Vi ønskjer så langt som råd at ein stiller med «blanda lag», det vil seie både gutar og jenter, - og yngre og eldre spelarar.. Eit lag kan ha inntil 10 deltakarar – det veil seie 6 spelarar på banen med rullerande innbyttarar. Kvar klubb/lag stiller også med minst ein vaksen leiar.

Er de ikkje mange nok til å stille lag – meld på dei som vil, så set vi saman eit blanda lag slik at alle får vere med!

Kampane blir spelt på tid, og oppsettet vert slik at alle lag får spele mange kampar. Kor mange kampar det vert i dei innleiande rundene er avhengig av kor mange lag som er med. Mellom kampane vert det tid til ein tur i kiosken, heie på andre lag, spel og prat med folk i foajeen.
Hugs at dette er ei vennskapeleg turnering der det er like viktig å ha det kjekt i lag som å vinne!

Det vert sjølvsagt premiar, - både ein premie til kvart deltakande klubb og ikkje minst eit napp i den gjeve vandrepokalen som ein får for eit år. Pokalen får ein til «odel og eige» når klubben vinn for tredje gong!!

TRIVSELSAGENTANE

Trivselsagentane har samling på Eid denne helga. Dei vil vere med på turneringa med bli-kjent-leikar og elles gjere sitt for at Gjere det til ei kjekk turnering.

MAT

Eit måltid med enkel, varm mat – truleg pizza, og i tillegg litt frukt, vert servert litt ut i turneringa. Dette er inkludert i prisen for påmelding. NB! Skriv eventuelle matallergiar i påmeldinga. I  tillegg vert det kiosk på turneringa der ein kan kjøpe brus, kaffi, chips, sjokolade , snop med meir.

OVERNATTING

Deltakarar som treng overnatting får eit enkelt tilbod om dette i Eidahallen etter turneringa er slutt. Ein må ta med liggeunderlag, sovepose, toalettsaker, handkle og det du treng for overnatting.
Søndag morgon stiller vi med enkel frukost, brødmat, vanleg pålegg, mjølk, juice og kaffi.  Dette er inkludert i prisen for påmelding.

PRIS

Kvar deltakar i turneringa betaler kr 250,-.
Vi håpar at klubbane bli med og sponsar deltakarane sine slik at dette ikkje blir for dyrt.
Deltakaravgifta dekker, i tillegg til turneringa, eit varmt måltid i løpet av laurdagskvelden, overnatting og frukost neste morgon om du treng det. Vaksne som føljer laget eller er sjåførar, går gratis. Dei får også mat og overnatting om det er aktuelt.

KIOSK

Kiosken vert open under heile turneringa. Her kan ein kjøpe brus, chips, sjokolade, snop med meir.
Det vert også høve til å kjøpe 4H Nattvolleyballcup- t-skjorte for kr  80,- . Restlager, så det blir dei størrelsane vi har og så langt lageret rekk 😊

PÅMELDING

Påmeldinga opnar : søndag 8. februar 2026
Påmelding seinast : tysdag 10 mars 2026

MEIR INFORMASJON

Lurer du på noko eller treng meir informasnon enn du kan lese på nettsida, - ta kontakt med Dianne Eikås telefon 91841657 eller e-post diannjor@online.no.

Då er det berre å gjere seg klar, samle eit lag og starte med volleyballøvingar.  Bli med – dette blir kjekt!