Kven kjem? 🙈🙉

Serena/Lee Hong-Jing, 21 år, er ei samfunnsinteressert jente med allsidig 4H-bakgrunn, og som student i bibliotekfag og offentleg administrasjon vil ho gjerne lære meir om korleis det norske samfunnet fungerer.

Ho er ekte by-jente og gleder seg derfor til å oppleve norsk bygdeliv der naturen og fellesskapsordningar som ein ypparleg kontrast til å utvide korleis ho tenkjer om framtida og urbant landbruk.


Kva fÃ¥r vi ut av det?🫣🤩

Å vere vertsfamilie er mindre stress enn du trur, og attpåtil får du lære om andre kulturar heime i di eiga stove.

Som vertsfamilie opnar du heimen din i nokre veker. Du tilbyr ein sengeplass, måltid og lar IFYE-en ta del i kvardagen din. Det viktigaste er ikkje store reiser eller spesielle opplevingar, men å vise fram det ekte, norske kvardagslivet. Ta dei med på vanlege familieaktivitetar som turar i nærområdet, bading, handle på butikken, matlaging eller med på jobben (om du kan). Det er som oftast dei små daglegdagse tinga ein hugsar, ikkje museum eller andre serverdigheter


Kven kontaktar eg? 🤔🤗

Om du vil vere vertsfamilie, eller berre vite meir, kan du kontakte Internasjonal nemnd v/Dianne Eikås (diannjor@online.no)
eller 
Tone Margaret Ødegård (tone_margaret@yahoo.no, 480 30 693)