
Lyst til å vere vaksenleiar på leir? Frå fylket vårt deltek om lag 100 medlemmer i alderen 14-26 år på Landsleir eller Nordisk leir.
Fylket organiserer felles transport til/frå leiren og rekrutterer vaksenleiarar. Hovudleiar er på toppen, mens resten av leiargruppa er kontaktperson for 10 deltakarar kvar.
Med grunnlag i registreringsskjemaet (QR koden eller linken under), set fylkesstyret saman leiargruppa. Du vil få tilbakemelding frå 4H-kontoret så snart avgjersla er tatt. Etter dette får du eventuelt melding om å fylle ut påmeldingsskjemaet til leiren.
Som vaksenleiar er det sjølvsagt fylket som betaler både leir og transport.