Valnemnda er i gong med arbeidet og vil gjerne ha tips om folk som kan stille som styre- eller varamedlem i det nye fylkesstyret.
Liker du diskutere, organisere? Har du mange idear? Eller kjenner du nokon som er flinke til det?
Snart skal vi ha fylkesårsmøte. Valnemnda er i gong med arbeidet og vil gjerne ha tips om folk som kan stille som styre- eller varamedlem i fylkesstyret.
Å vere med i fylkesstyret er ei super moglegheit for å bli kjent med andre 4H-medlemmer/rådgjevarar i Sogn og Fjordane, høyre kva som fungerer i andre klubbar og lære korleis ein planlegg og gjennomfører fylkesarrangement.
Fylkesstyret bør spegle variasjonen av medlemmer i 4H, både mtp. alder, kjønn, geografi etc. For å klare dette trengst det tips og forslag frå heile fylket. Valnemnda vil snakke med alumnar, klubbrådgjevarar eller medlemmer i senioralder.
Tips valnemnda ved å ta kontakt med dei direkte (klikk på lenka og skroll deg heilt ned på sida) eller ved å sende inn skjemaet under.