2023 er rett rundt hjørne, og med det snart nytt fylkesårsmøte. Valnemnda er i gong med arbeidet og vil gjerne ha tips om gode kandidatar til fylkesstyret, både leiarvervet, styremedlemmer og varamedlemmer er på val.

Det er ønskjeleg at fylkesstyret speglar variasjonen av medlemmer i 4H, både mtp. alder, kjønn og geografi. For å klare dette trengst det tips om aktuelle kandidatar frå heile fylket og både forslag om gamle og nye alumnar, klubbrådgjevarar eller medlemmer i senioralder er av interresse.

Vil du vere med sjølv, eller har du forslag om personar valnemnda bør kontakte er det berre å kontakte ein av medlemmene i valnemnda på anten telefon/SMS eller e-post https://4h.no/sogn-og-fjordane/kontakt/