Vil din familie lære meir om 4H i USA? Eller er de gira på å vise fram den her flotte plassen de bur på? 

4H Sogn og Fjordane får besøk gjennom USA-utvekslinga og treng vertsfamilie for Kadin frå 24. juni-18. juli, men med pause 6.-13. juli mens det er landsleir. 

Kadin skriv at ho har hatt ulike 4H-prosjekt, men favorittane var foto, sauer og sying. Elles er ho glad i både song og musikk og spelar både gitar og piano sjølv. Fordi det òg var bestemor sin draum har ho drøymt om å reise til Norge sidan ho var barn. I løpet av dei vekene ho er her vil ho høyre om norske tradisjonar og høgtider. Ho er nyleg ferdig med High School og vil derfor òg gjerne lære om korleis skulesystemet fungerer. 

Kva forventast av familien? 

Familien må ha ei jente i heimen i alderen 16-21. Den må òg vere ikkje-røykande og utan hund eller katt pga. allergi. 

Elles trengst det ei ledig seng, mat på bordet og ein vilje til å inkludere og bli kjent med ho som kjem på utveksling. 

Ta kontakt med tel:96096773 eller epost no om dette høyrest interessant ut! 

 

kadin ligger på brygga

Kadin Houf

Les meir om det å vere vertsfamilie gjennom 4H. 

I år får fylket vårt besøk av tre jenter frå USA. Hannah frå North Carolina og Eliza frå Kansas er plassert i vertfamiliar allereie.