Vi har samla litt bildeglimt og høgdepunkt frå Fylkesleiren 2025 🎉
Tusen takk til alle som var med og gjorde fylkesleiren 2025 til ei minnerik oppleving!
Leiren vart arrangert i Vetlefjorden, i nærleiken av Balestrand - Frå 21. til 24. juni, og samla deltakarar frå heile fylket til fire dagar med aktivitetar, moro og gode matopplevingar.
I år markerte vi også jubileumet til Fjordljos 4H (60 år) og 4H Sogn og Fjordane (70 år), og det vart sjølvsagt feira med kake, song og festleg stemning. Ein av høgdepunkta var kakepyntekonkurransen, der kreativiteten fekk blomstre – og vi fekk nyte resultatet etterpå!
Programmet bød elles på mykje kjekt: tevlingar med høg innsats, hobbyaktivitetar, sportslege aktivitetar og spennande friluftsliv. Under open dag fekk vi besøk av familie, vener og nysgjerrige frå nærmiljøet, som fekk ein smakebit av leirlivet (og kake) og alt vi har å by på.
Maten under leiren fekk også mykje ros – med alt frå typisk 4H mat til spennande overraskingar på menyen. Og kvar kveld samla vi oss til fellesskap med song, underhaldning, godt selskap og gode historier.
Leiravis
Vi hadde tre 4H-arar som var journalistar på fylkesleiren. Dei fekk i samarbeid med Fylkesstyrets Dianne laga ei leiravis. Den kan du sjå her: LEIRAVIS 📰📸🎞️
📸 Sjå høgdepunkta i biletkarusellen nedanfor!
Tusen takk til alle deltakarar, leiarar og frivillige som gjorde leiren til ein suksess – vi gler oss alt til neste år!






































































































