Likar du å arrangere kurs eller leir? eller kjenner du nokon som er flinke til det?

2024 er rett rundt hjørne og med det snart nytt fylkesårsmøte. Valnemnda er i gong med arbeidet og vil gjerne ha tips om folk som kan stille som styre- eller varamedlem i fylkesstyret.

Å vere med i fylkesstyret er ei super moglegheit for å bli kjent med andre 4H-medlemmer/rådgjevarar i Sogn og Fjordane, høyre kva som fungerer i andre klubbar og lære korleis ein planlegg og gjennomfører fylkesarrangement.

Frivillige i fylkesstyret er fundamentet for å kunne ha 4H-arrangement i fylket. Heldigvis er det mange som vil ta gjenval, men vi treng òg nokre nye som ønskjer å bidra framover.

Fylkesstyret speglar variasjonen av medlemmer i 4H, både mtp. alder, kjønn, geografi etc. For å klare dette trengst det tips og forslag frå heile fylket. Både alumnar, klubbrådgjevarar eller medlemmer i senioralder er av interesse.

Vil du vere med sjølv, eller har du forslag om personar valnemnda bør kontakte er det berre å tipse valnemnda anten på SMS/e-post eller ved å fylle inn i dette skjemet: https://forms.microsoft.com/r/5bVnR269vN