
Vi har planlagt å ha mange aktivitetar i sommarferien, og pengestøtta frå Gjensidigestiftinga gjer at vi kan gjennomføre alle desse!
Dette seier leiar Maria Cecilie i klubben Troda 4H. Klubben held til i Davik og fekk i år 170 000 kr i gåve frå Gjensidigestiftinga. Vi tok ein prat med Maria Cecilie for å høyre meir om kva aktivitetar dei har tenkt å ha i sommarferien med ei slik flott pengegåve. Ho fortel at pengane skal nyttast til sommaraktivitetar, og klubben har fleire kjekke aktivitetar på programmet som dei har kalt sommarglede for alle.
Dette er aktivitetane klubben har å by på i sommar:
- Teambuilding i samarbeid med Norway Adventures
- Miljø-/stranddag med bossrydding og leik
- Brattkortkurs for dei som er interesserte i klatring og ønsker å vere instruktør/assistent ved seinare klatreaktivitetar
- Klatrekveld på Hamna Aktivitet og Helse
- Badedag på Havhesten badeanlegg i Florø
- Besøk i Sunnfjordparken trampolinepark og utelunsj/volleyballkamp seinare same dagen
- Våtkortkurs padling
- Padledag til dei som har våtkort ved Nesjartun camping, Nes
- 2 kunstdagar/kunstkurs i samarbeid med kunstnar Åse Huse ved Ut Av Huse
- Fjelltur, dagstur med mat på draumeplassen til klubben når fjellturen er ferdig
- Aktivitetsdag i sammarbeid med Hei og hå 4H på naturmøteplassen deira på Bryggja
Maria Cecilie legg til at Troda 4H samarbeider mykje med lokale lag og frivillige
om dei ulike arrangementa og aktivitetane. Prosjektet med desse
sommaraktivitetane har også gitt sommarjobb til 3 ungdomar. Dei vil vere med
på arrangementa og hjelpe til med gjennomføring og passe på at alle har det
kjekt. Dei vil også lage natursti og vere med på delar av planlegginga.
Aktivitetane vil verte gjennomført i sommarferien, dei er opne for alle og det er
heilt gratis. Klubben håpar mange melder seg på, og at dei som ikkje er medlemmar i 4H frå før kanskje blir inspirert til å melde seg inn etter å ha delteke på kjekke aktivitetar.