
Krunhjorten 4H vart tildelt kr. 300.000 frå Gjensidige. Vi gratulerer ! Eg tok ein prat med klubbrådgjevar A Bjarte Myklebust for å høyre kva dei har tenkt å gjere med ei slik flott pengegåve.
Han fortel at pengane skal nyttast til sommaraktivitetar i sommarferien.
Klubben, som held til i Ålfoten har aldri arrangert så mange aktivitetar i sommarferien, men med dei midlane dei er tildelt no kan dei gjere dette. Dei gler seg stort og håpar det vert stor oppslutning om alle dei spanande og kjekke aktivitetane.
Deira sommaraktivitetar er i stor grad knytta til leik, læring og moro i vatn.
Som dette:
- Innkjøp og montering av badeflåte
- Kurs i kajakk
- Leige av SUP-board
- Tube/vass-ski
- RIB-båt
- E-foil
- Segltur
- Fyrstehjelp og livreddarkurs
Aktivitetane vil verte gjennomført i sommarferien og dei er opne for alle.
Klubben håpar mange melder seg på og at dei som ikkje er medlemmar i 4H frå før kanskje blir inspirert til å melde seg inn etter å ha deltatt på kjekke aktivitetar.