
4H Sogn og Fjordane har også i 2023 fått støtte til aktivitet frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
4H og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har lang tradisjon for tett samarbeid. Vi har samarbeidsavtale der 4H Sogn og Fjordane søker om pengar vi igjen kan dele ut til våre lokale 4H-klubbar. Ordninga har fungert svært godt, og siste året delte vi ut støtte til over 50 klubbar! Dette betyr at våre medlemsstyrte 4H-klubbar kan skape aktivitet for og med barn og unge i eige nærmiljø. Dette betyr også at fylkeslaget gjennom ei støtteordning kan stimulere til utvikling og vekst lokalt.
I år har vi fått støtte til å gjere 4H Større - Sterkare og Smartare.
Det er fylkesstyret som tildeler støtte til den enkelte klubb. I 2023 vil dei prioritere søkarar som søker om støtte til:
- Inspirerande aktivitet som rekruterer nye medlemar
- Aktivitetar der fleire 4H-klubbar samarbeider
- Aktivitet i samarbeid med andre lag og organisasjonar
- Aktivitet som er open for alle
Søknadssum: Maks kr 25 000 pr klubb. Dersom fleire klubbar samarbeider om søknad finnes ingen makssum :-)
Søknadsfrist: 24. april 2023
(fylkesstyret har møte like etter denne datoen)
Er du usikker på noko rundt søknadsprosessen?
Ta kontakt med klubbkontakten din
Det er stor kamp om midlane, så ein kan ikkje garantere at alle får den fulle søkesummen.
4H har som føremål å utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Mottoet vårt er «å lære ved å gjere»