Du vil vere ein sentral aktør i å drive og koordinere ulike tiltak og arrangement som støttar opp under 4H sitt mål om læring gjennom aktivitet.

Stillinga er eit vikariat på 50%.
Perioden er ut året 2024. Perioden kan bli utvida dersom vi til dømes blir tildelt ekstern prosjektstøtte. Oppstart: snarast. 

Arbeidsoppgåver:

  1. Leggje til rette for effektivt arbeid i utval, arbeidsgrupper og arrangørkomitear.
  2. Initiere og støtte opp om oppstart av nye 4H-klubbar.
  3. Planleggje og gjennomføre aktivitet mellom anna på besøk hos lokale 4H-klubbar.
  4. Utvikle og forvalte tiltak i tråd med 4H-fylkeslaget sine mål og handlingsplan.
  5. Koordinere og følgje opp idear frå fylkesstyret, utarbeide planar og sikre gjennomføring.

Kvalifikasjonar:

  • Gode evner og kunnskap i kommunikasjon og samarbeid med barn og unge. 
  • Erfaring i og kunnskap om frivillig arbeid, arrangement og prosjektorganisering.
  • Engasjert og lærevillig.
  • Kjennskap til økonomi og administrasjon i frivillige organisasjonar.
  • Grunnleggande kunnskap innan IKT.
  • Høgare utdanning eller fagbrev. Min. 2 års relevant erfaring kompenserer for utdanning.
  • Viktige eigenskapar: sjølvgåande, serviceinnstilt, profesjonell, kvalitetsbevisst, fleksibel og effektiv.

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert og motivert til å jobbe for 4H sine mål.
  • Strukturert og løysingsorientert.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Fleksibel og open for nye utfordringar.

Vi tilbyr:

  • Eit engasjerande arbeidsfellesskap i ein av Noregs største barne og ungdomsorganisasjonar.
  • Ein variert og fleksibel arbeidskvardag med moglegheit for påverknad, læring og sjølvutvikling.

Arbeidsvilkår

  • Løn etter avtale
  • Politiattest må leggast fram før tilsetjing
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Arbeidsstaden for stillinga er hos 4H Sogn og Fjordane, Hafstadgården i Førde. Ein må rekne med ein del kvelds- og helgearbeid. Ein må ha førarkort klasse B, samt moglegheit for disponering av bil. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionleiar for Vestlandet som nærmaste overordna.

Kontaktperson og søknad

Synnøve Jørgensen, regionleiar for 4H på Vestlandet: Tlf. 960 96 773
Søknad og CV sender ein på e-post til synnove.jorgensen@4h.no innan 10.01.2024

Me ser fram til å motta søknad frå deg!