🚀 Klar for å gjere ein forskjell – og ha det skikkeleg kjekt samstundes? Nominer deg sjølv eller andre til verv i 4H Sogn og Fjordane! 💚
👉 Du får vere med og bestemme, arrangere kule aktivitetar og bli kjent med folk frå heile landet!
👉 Du lærer ting som faktisk er nyttige – som samarbeid, leiing og å få ting til å skje!
👉 Du får støtte og opplæring, og det ser råbra ut på CV-en!
Du treng ikkje vere ekspert – berre ha lyst til å bidra og lære!
I februar er det tid for årsmøte i 4H Sogn og Fjordane. På dette møtet kan 2 medlemmar frå kvar klubb i heile fylket delta. Siste sak er val av fylkesstyre for 2026. Les meir om fylkesstyre.
Det er valkomiteen (3 personar som blei valt på årsmøte i 2025), som har ansvar for å legge fram eit forslag til nytt fylkesstyre. I løpet av hausten arbeider dei intenst for å kartlegge kven som er dei beste kandidatane. Dei snakker med klubbrådgjevarar, medlemmar, instruktørar, sitjande fylkesstyre, tilsette på kontoret og mange fleire...
Før jul skal dei levere forslaget sitt slik at du kan lese dette i sakspapira til årsmøtet.
Valkomiteen blir KJEMPEGLADE for tips! Hugs at alle kan tipse om kandidatar dei bør vite om.
Du kan ta kontakt med dei på telefon eller epost. Eller du kan tipse via skjemaet her.