Vel overstått haustfestar! Vi på 4H kontoret har funne fram bilete frå Standal 4H, Bergkrystallen 4H, Eggenipa 4H, Freidig 4H, Hei og Hå 4H, Hesjastauren 4H, Standal 4H, Troda 4H, Varden 4H og Årdalsklubben 4H og dei ynskjer vi å dele med dykk! Nederst på sida finn du eit bildegalleri. Der ligg det blanda bilder frå klubbane!

Grønnsaker

Vi er kjempe stolte av alle dei dyktige medlemmane som har hatt kjempe flotte utstillingar av fantastisk fine prosjekt. Dokke er virkeleg nokre kreative sjeler! Fleire klubbar lagar sketsjar, quiz, sel lodd og lagar god underhaldning på haustfestane. I år delar vi frå haustfesten til Standal 4H:

For eit fe!: 

Standal 4H hadde haustfest 1.november. Dei 65 frammøtte publikumarane fekk bli med kyr på eventyr i ku-sikalen "For eit fe". 13 av medlemane i klubben jobba intensivt med dette prosjektet frå januar, og fram forestillinga 6.april. Det vart eit hjarteleg gjensyn og god stemning på haustfesten, då songane og siste scene kom i reprise. I tillegg til imponerande skodespelarprestasjonar, har medlemane dekorert kostymer og bannerar, vore sufflørar, scenearbeidarar og styrt lyd og lys. 

"Bakgrunnsinformasjon om ku-sikalen For eit fe: Den vart skriven av Tor Karseth til Geno sitt 60-års jubileum i 1995. Stykket handlar om NRF-kviga Stjerna som kalvar og vert ku. Ho skriv brev til semin-oksen Bossmann, og seier han må komme å vere saman med henne og kalven. Men dei eldre kyrne forklarar at Bossmann har fleire tusen kalvar i både inn- og utland, og at Stjerna ikkje er spesiell for nettopp henne. Ho vert både irritert og skuffa. Men ho er stolt av kalven sin Bosse, og han veks opp og vert ein stor kjekk stut.

Ho kjem på idéen at ho skal arrangere slektstreff etter alle etterkommarane til Bossmann. Då får ho møte han igjen, men heller ikkje no går det som ho hadde ønskt. I siste scene må Bossmann slåss mot belgiske blå oksar. Med Bosse si hjelp vinn Bossmann kampen, og han tek med seg Bosse til seminstasjonen Store Ree for at Bosse skal ta over etter han der. "

God stemning
Fotocred:

Freidig 4H: Kathrine Kvalheim Osnes
Standal 4H: Liubov Gorosko
Bergkrystallen 4H: 4H Sogn og Fjordane
Eggenipa 4H: Eggenipa 4H
Hesjastauren 4H: Hesjastauren 4H
Troda 4H: Troda 4H
Varden 4H: Varden 4H
Årdalsklubben 4H: Årdalsklubben 4H

 

Har du nokre bilder?

Vi i 4H Sogn og Fjordane blir svært glade dersom de melder tilbake til oss korleis haustfesten var.

  • Korleis organiserte de Haustfesten i år?
  • Legg gjerne med nokre bilete som vi kan publisere.

Send e-post til sfj@4h.no 🍀💚