
Årets årsmøte vart avholdt på Viksdalen 9. februar, og årsmøteuttalelsen handlar om friluftslivets år
Bli med 4H ut i naturen!
2025 er Friluftslivets år. Målet med denne markeringa er at fleire skal få oppleve den gleda det er ved å vere ute i naturen, og å vise kor enkelt det er å delta på kjekke opplevingar ute i friluft!
Gjennom prosjektet Ut på tur med 4H skal det arrangerast mykje kjekk friluftsaktivitet i Sogn og Fjordane i år. Fylkesårsmøtet i 4H Sogn og Fjordane vil oppfordre alle til å undersøke dei varierte friluftstilboda som kjem gjennom året! Trivast du best ute, i skogen eller på ein fjelltopp, på ski eller med fiskestang? Ta med deg ein venn som treng å oppleve same gleda i naturen som du allereie gjer. Begynn i det små; ein tur i nærområdet, eit lite bål i fjæresteinane – du kan vere fyrstikka som tenner gnisten som varmar kropp og sjel.
Eitt bål er varmande, samlande, avslappande og engasjerande! Eitt bål kan ein tenne på toppen av fjellet etter ein god tur i lag, ved sjøen, på naturmøteplassen eller heime på verandaen. Du kan slappe av rundt det, grille ein marshmallow, ei heks eller laga spennande bålmat frå eitt anna land. Ein bålaktivitet er akkurat så vanskeleg og akkurat så enkel som du vil ha den – og det er alltid plass til ein til rundt bålet. Vi oppmodar alle til å ta turen ut å kjenne korleis bålet kan skape glede. God tur ut i det fri!
Fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane
Leiar: Camilla Nesheim, Troda 4H (Stad/Bremanger)
Styremedlem: Dianne Eikås, Trekløveret 4H (Stad)
Styremedlem: Inger-Margrethe Sørland, Eggenipa 4H (Gloppen)
Styremedlem: Tale Mathisen Seljeseth, Steintøff 4H (Kinn)
Styremedlem: Nikoline Hylland Fitje, Nausta 4H (Sunnfjord)
1. vara: Ella Førde, Eggenipa 4H (Gloppen)
2. vara: Grytsje Kooistra, Årdalsklubben 4H (Årdal)
3. vara: Leander Isaksen, Steintøff 4H (Kinn)