30. juli til 6. august er 4H Sogn og Fjordane vertsskap for Landsleir. Leiren skal vere på Norsk Fjordhestgard i Breim, og i hovudkomiteen sit ein gjeng unge vaksne i alderen 20-26 år.  

-Dette er første landsleiren på tre år, så vi er superspent og klar for leirlivet, smiler Inger-Margrethe. Ho merkar, som kulturlivet elles, at «publikum» er noko treigare enn vanleg, men er no opptatt av rekruttering av frivillige.  

Det er påmeldt nærmare tusen deltakarar frå heile landet. Alle som vil stille på dugnad vil oppleve engasjerte og glade 4H-arar, kjempegod stemning og godt program.  

-Vi kan nemne alt frå konsert med Grøftekarane til volleyballturnering, nattkino og rebusløp. To av dagane skal alle deltakarane få oppleve ein aktivitet i nærmiljøet. Nokre skal prøve seg på saueklypping, mens andre skal rafte i Jølstra eller gå fjelltur til Eggenipa, fortel Inger-Margethe stolt. 

BLI FRIVILLIG PÅ LEIR