Foto: Tamara Kuklina. Fram 4H får utdelt Årets klubb 2024 av dåverande leiar Peder Krokedal
Veit du om ein klubb som fortener litt ekstra?
Veit du om ein klubb som har gjort noko utanom det vanlege for sine medlemmar, for nærmiljøet eller 4H? Arbeidar klubben målretta med 4H sine kjerneverdier? Fekk klubben merksemd i media?
Årets klubb blir premiert med VIP-kort på fylkesarrangement, der alle klubbens medlemmar kan gå først i matkøen. I tillegg får dei eit gåvekort på 1500 kr på Bondekompaniet der ein kan kjøpa mykje kjekt utstyr til klubben sin. Utdelinga skjer på Storkurs 2026.
Syns du at klubben din eller ein annan 4H klubb i Rogaland fortener å blir kåra som Årets klubb? Fortell oss kvifor og nominer klubben før 22. februar via skjema under.
Les under for krav for å bli med i konkurransen.