
På Styrevervskurset i helga blei Fram 4H kåra til Årets Klubb 2024
Fram 4H får 1500 kr i gåvekort frå Bondekompaniet og VIP pass på alle fylket sine arrangementer i 2025. Det vil sei at dei kan gå først i mat- og kioskkø.
Fylkesstyret si begrunning:
Fylkesstyret har kåra Fram 4H til Årets Klubb for 2024, og det er ei glede å anerkjenne denne klubben for det året dei har hatt.
Fram 4H har utmerka seg gjennom imponerande deltaking og engasjement i 4H Rogaland sitt arbeid. Klubben hadde representantar på alle fylket sine arrangement i 2024. altså Storkurs, Styrevervskurs, Årsmøte, Fylkesleir og regionsamlinga. Denne aktive deltakinga viser både breidde og engasjementet i klubben.
I tillegg opplevde Fram 4H ein medlemsvekst, med rekordhøge 44 medlemmar i 2024 – ein solid auke frå 31 året før. Me har undersøkt historikken heilt tilbake til 2018, og aldri før har medlemstalet vore så høgt, noko som understrekar Fram 4H sitt sterke rekrutteringsarbeid og inkluderande miljø.
Eit av høgdepunkta i året var deira rolle som medarrangør av eit vellukka Storkurs, eit arrangement som krev både organisering, samarbeid og kreativitet. Fram 4H arrangerer også Fram Cup for klubbane i 4H Rogaland, noko som bidrar til samhald og fellesskap på tvers av klubbane i regionen. Dette har dei gjort sidan 1981.
Klubben har også vist sitt samfunnsansvar ved å halde fram med den årlege plastinnsamlinga. Dette viktige arbeidet styrker medlemmene si forståing av miljøansvar og bidrar positivt til samfunnet.
Med rekordmange medlemmar, variert aktivitetstilbod og stort engasjement i 4H Rogaland, vil 4H Rogaland gratulerer dei som Årets Klubb 2024!