NB. Det er bindande påmelding. Les meir om det under punktet påmelding.



Til alle gode frivillege i 4H Rogaland, velkommen til Klubbrådgjevarsamling i 2024 på Ryfylke Fjordhotell i Sand, 5. - 7. januar 2024.


Tema 
Helgas tema vert "å gjera kvarandre gode". 

I år skal me ha fokus på å læra av kvarandre, og gjer kvarandre gode. Alle sit med mykje kunnskap, og nokon er gode på ting andre ikkje er så gode på. Me skal snakke oss igjennom det nye 4H-løpet, og få litt ny inspirasjon frå Jean Philip i frå 4H Norge. 

Me gler oss til å sjå både nye og gamle, og me oppfordrar spesielt nye klubbrådgjevarar til å vera med 🍀🍀
 


Gjest
Profilbilete av Jean Philip Svartdahl
Jean Philip Svartdahl frå 4H Norge blir med heile helga, og skal halde to opplegg for oss. 

Friluftsliv:

Denne aktiviteten føregår ute og fokuserar på aktivitetar som kan gjerast i klubben eller på leir. Me tek utgongspunkt i Aktivitetsmappa og viser korleis den kan brukas i praksis.  Aktivitetsmappa fekk alle klubbar tilsendt i slutten av 2022. 

Aktivitetsmappa med eksempler på aktivitetar

Positiv psykologi:

4Hs formål er å utvikle aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarsfølelse og respekt for natur og mennesker, men hvordan gjør vi egentlig det? Denne sesjonen svarer på spørsmålet fra et psykologisk ståsted.


Program

Her er eit foreløpleg program for helga. 

Fredag 5.januar:  
kl. 18.25 Hurtigbåten kjem til Sand
kl. 18.30 Registrering, innsjekk på hotellrom
kl. 19.15 Velkommen, presentasjon av deltakere og helgens program   
kl. 19.30 Middag

kl. 21.00 Bli kjent 

 

Lørdag 6.januar: 

kl. 08.00 Tur for morgonfuglar 
kl. 09.15 God morgon 

kl  09.30 Erfaringsutveksling mellom klubbane 
kl. 12.30 Lunsj & pause  

kl  13.30 Det nye 4H-løpet 
kl  15.30 Friluftslivsaktivitet med Jean Philip 

kl. 17.30 Nemndsmøter 
k
l. 20.00 Middag og sosialt samvær
 

Søndag 7.januar: 

kl. 08.00 Tur for morgonfuglar 
kl. 09.30 God morgon 

kl. 09.45 Informasjonsbolk

  - Informasjon frå fylket

  - Presentasjon av arrangement

  - Spørsmålsrunde 
kl. 11.00 Positiv tenking med Jean Philip 

kl. 12.30 Evaluering

kl. 12.45 Lunsj

kl  13.45 Takk for denne gong og avreise

kl  14.25 Hurtigbåt til Stavanger 


Det nye 4H-løpet 

Plakettløpet som me kjenner det i dag er i endring, og frå 2024 innfører me eit nytt, meir fleksibelt og poengbasert 4H-løp. 

Under klubbrådgjevarsamlinga vil du få svar på alle spørsmål du har knyta til dette. Det vert både presentasjon av korleis det nye 4H-løpet fungerar, og satt av tid til spørsmål. 


Påmelding 

Frist for påmelding er 10.desember. 

Påmeldinga er bindande. Dette betyr at om du må melda deg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over (10. desember), må du likevel betala deltakaravgift. Unntaket er om du vert sjuk og kan visa til attest frå legen. Skulle dette skje, må du snarast senda epost eller ringa til Hege.

For å melda deg på må du finna fram medlemsnummeret ditt i 4H. Om du ikkje hugser passordet må du klikke på «glemt passord». Nytt passord vert sendt til registrert e-postadresse. 

Er du nyvalgt klubbrådgiver, må du registrere deg/melde deg inn i 4H.
Dette gjer du ved å senda e-post til kontingent@4h.no. Oppgi personalia og hvilken klubb/fylke du er valgt inn i. Tilbake får du et medlemsnummer og kan melde deg på samlingen. 


Påmelding = Faktura
• 4H-klubben bør så langt det lar seg gjera dekka denne helga for dykk.
• Faktura sendast ut til klubben, og må væra betalt før samlinga.
 NB! Husk å oppgi 4H klubben sitt namn under "annen betaler".
 


Prisar
Prisane er per deltakar, heile helga. Reiseutgifter kjem i tillegg.

Enkelrom: 4350 kr, inkl. all mat 

Dobbelrom: 3950 kr, inkl. all mat 

Trippelrom: 3700 kr, inkl. all mat

Om du skal ligga på dobbelrom eller trippelrom så skriv i påmeldinga kven du skal sova på rom med. 


Reise
 

Adresse: Verven 9A, 4230 Sand. 

Kjem ein i bil er det parkering ved hotellet. Lettaste veg for de av dykk som kjem frå sør i fylket er å ta hurtigbåt til Sand frå Stavanger. 

Her kjem det meir informasjon om når båtane går, pris og oppmøtetid. 


Kontaktinformasjon 

Har du nokre spørsmål? 
Kontakt Hege på hege.reime@4h.no eller 94083614

 

Me håper å sjå deg i januar!