- Pris: Kr 0,-
- Arrangør: 4H Rogaland
- Skjold Arena/Skjold Skule
- 16:00 - 18:30
mar
Velkommen til årsmøte i 4H Rogaland. I år vert årsmøtet arrangert på Storkurs. Alle som er delegat for sin klubb, altså har stemmerett på årsmøte, må melda seg på.
Årsmøtet vert hald under Storkurs laurdag 21.mars, etter kursa, kl 16.00 til 18.30. Her skal to delegatar frå kvar klubb vera med, andre kan vera med som observatørar om dei vil.
Den 5.mars kl 17.30 - 19.30 er det digital Årsmøteopplæring og gjennomgang av sakene for dei to delegatane frå kvar klubb.
Noko på hjarta som må tas opp på årsmøtet?
Alle kan senda inn forslag til saker dei vil skal behandlast på årsmøtet.
Slik gjer du det
Fyll ut denne malen (DOCX, 79KB) og send til hege.reime@4h.no.
Frist for å senda inn sak er laurdag 7.februar.