Nokre medlemmar av fylkesstyret går ut, nokon fortsetter og andre kjem inn. I tillegg har det vore endringar på kontoret, der Anne-Berit har slutta i jobben som organisasjonsrådgjevar. 

Me vil gjerne takka Peder Krokedal for eit år som leiar av 4H Rogaland. Randi Dybing Stølen og Sindre Sandsgård har vore styremedlemmar i 2 år og går no ut av styret. Tusen takk til alle tre for innsatsen og at de ville vera med å gjera 4H enda litt betre. 

I tillegg vil me gjerne takka Anne-Berit for hennar innsats på 4H kontoret gjennom litt over 5 år. Gjennom tida har ho både hatt ansvar for arrangement, oppfølging av 4H-gardane, økonomi og ikkje minst har ho vore der når klubbar treng hjelp. Takk for innsatsen, Anne-Berit! 

Årsmøte 2025

På årsmøtet var fleire engasjerte medlemmar framme i generaldebatten og ynskja seg meir landbruksrelaterte aktivitetar og fleire aktivitetar på tvers av klubbar. «Alt er notert ned. Ingenting er så kjekt som når medlemmane sjølv ynskjer seg aktivitetar», seier nyvalt leiar Viktoria Skrudland (20). Ho har tidlegare vore 1 år i fylkesstyret som varamedlem.  

«Eg har med meg eit engasjert styre, og gler meg til å spreie ordet om 4H slik at alle kjenner til det gode fritidstilbodet me er», seier Viktoria. Det blei nemleg vedteke ein ny handlingsplan (PDF, 165KB) der 4H Rogaland har som mål at alle har høyrt om 4H og at 4H er for alle.

I tillegg ynskjer 4H Rogaland å legga til rette for at dei yngste som er under medlemsalder (9 år og ned) skal få kunne vera ein del av 4H gjennom eigne grupper kalla kløvergrupper. 2025 er òg friluftlivets år, noko som skal visa igjen på arrangementa til 4H Rogaland og det er mange klubbar som planlegg friluftslivaktivitetar i løpet av året. 

 

Det nye fylkesstyret består av: 

Leiar: Viktoria Skrudland (gjenvalt i ny rolle), RAA

Styremedlem: Tiril Leverskjær Steindal, Frisko 4H 

Styremedlem: Bertine Hetlelid, Frisko 4H  

Styremedlem: Anna Laurentse Søyland (gjenvalt i ny rolle), Sjøglimt 4H  

Styremedlem: Mathias Vangsnes Bollestad (nyvalt), Firkløveren 4H 

1. vara: Karen Margrethe Mjåtveit (nyvalt), Vigre 4H 

2. vara: Synne Hegelstad (nyvalt), Sjøglimt 4H 

3. vara: Mathias Vigane Hetland, Viking 4H